Båtbyggjar Ella (21) er yngste vinnar av handverkspris nokonsinne

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho får prisen for interessa og engasjementet sitt for båtbyggjarfaget, kystkultur og tradisjonelt handverk.

– Ella er utdanna båtbyggjar og er oppteken av å visa respekt for gamle materialar og tradisjonshandverk. Frå å ha «vakse opp» i Nordlandsbåtar har ho valt eit utdanningsløp som bidreg til å ta vare på eit handverk, og med den allsidige kreativiteten sin kan ho føra handverkstradisjonane knytt til faget vidare, seier nestleiar Hanne Kristin Jakhelln i ei pressemelding.

GLAD PRISVINNAR: Ella Mørtsell (t.v) blei både glad og overraska då ho fekk besøk av nestleiar i Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln, som delte ut prisen under eit overraskende besøk på arbeidsplassen hanner, Båtbyggern på Kjerringøy.
Foto: Ulf Mikalsen

61 nominasjonar

Stipendet skal gå til ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan tradisjonelt handverk og som har vist evne til målretta arbeid.

Det er også eit krav at prisvinnaren skal vera ung, engasjert, lærevillig og ein fagleg solid handverkar som er interessert i å læra bort faget.

Den unge båtbyggjaren trekte det lengste strået etter at styret i Kulturminnefondet hadde fått inn heile 61 nominasjonar til handverksstipendet 2020. Prisen er på 50.000 kroner.

Mørtsell tok Design og Håndverk-linja i Bardu i 2016, haldt fram på smed-linja på Hjerleid Håndverksskole i Gudbrandsdalen. 

I 2017-2019 var ho hos Osmundsen på Oselververkstaden i Hardanger og tok her fagbrev som trebåtbyggahausten 2019.

Ein av dei mange lesekrokane til Annette: Foto: Peder Skjelten