Internasjonal heider til båtbyggjarkunsten på Os.

NPK-Margunn Sundfjord
NPK-Margunn Sundfjord
Faktaboks

Oselvaren er ein klinkbygd trebåt frå Hordaland.

Har røter fleire tusen år tilbake.

Bjørnefjorden i Hordaland er kjerneområdet for båtbyggjartradisjonen.

Blei kåra til Noregs nasjonalbåt i 2009.

Oselvarverkstaden er ei stifting oppretta av Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag.

Målet er å ta vare på handverkskunnskapen om oselvarbåten.

Har sidan starten i 1997 bygd meir enn 85 oselvarar. Verkstaden har også ei lita utstilling.

LES FAKTALUKK FAKTA

Oselvarverkstaden på Os i Hordaland, og bruken av den tradisjonelle oselvaren er teken inn på ei Unesco-liste over immateriell kulturarv. Det er første gongen Noreg er med på denne lista.

Vedtaket om å føra Oselvarverkstaden og oselvarkulturen opp på Unesco-lista blei vedteken av det mellomstatlege komitemøtet til Unesco torsdag.

– Lista over immateriell kulturarv er på ein måte veslebroren til verdsarvlista til Unesco, forklarer fagansvarleg Hildegunn Bjørgen i Kulturrådet til Nynorsk pressekontor.

Ho strekar under at det ikkje er sjølve båten, men kunnskapen om å byggja og bruka han som no blir verna.

Eksklusiv liste
Til konvensjonen om immateriell kulturarv er det knytt tre ulike lister: «truga kulturuttrykk», «representativ liste» og «beste vernepraksisar». Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er teken inn lista over dei beste vernepraksisane i verda. Berre 16 andre tiltak på verdsbasis er med på denne lista.

Oselvaren er ein klinkbygd trebåt frå Hordaland som har vakse fram etter ei utvikling over fleire tusen år. Oselvarverkstaden er i dag den einaste staden i landet som held oppe den tradisjonsrike båtbyggjarkunsten. Sidan starten i 1997 har verkstaden bygd meir enn 85 oselvarar.

– Viktig signal
Direktør Kristin Danielsen i Kulturrådet gratulerer Oselvarverkstaden med Unesco-tildelinga og meiner vedtaket også er viktig for andre båtbyggjartradisjonar langs kysten.

– Dette er svært gledeleg for alle som er opptekne av båtbygging og tradisjonshandverk i Noreg. Eg trur utnemninga kan føra til auka kunnskap om korleis ein kan arbeida med å vidareføra immateriell kulturarv, seier ho.

Cubansk rumba og belgisk ølkultur har også fått plass på Unesco-lista!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE