Atlas (19) skal lære å restaurere hus: – Må ta vare på det vi har

I sommar samlast unge for å lære gamle handverksteknikkar.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er jo den der draumen om å ha eit lite småbruk, med eit fint hus. Då hadde det vore kjekt å kunne fikse det huset sjølv.

Det seier Atlas Akeleie Sælevik Fjose (19) på telefon til Framtida.no. I sommar skal dei vere med på Hammarslag for Framtida som blir arrangert på Eidsvoll Bygdetun frå 28. juli til 4. august av Natur og ungdom (NU).

På kurset skal deltakarar mellom 15 og 25 år lære meir om tradisjonelle handverksteknikkar, som koking av måling, snikring, høvling og handtering av verktøy.

I tillegg til å vere medlem i NU, er Sælevik Fjose på siste året for å ta fagbrev i kjole- og draktsaum i Stavanger. Dei har med andre ord ein del erfaring med handverk når det kjem til tekstilar.

Atlas Akeleie har ein liten småbruksdraum. | Foto: Privat

– Men det er jo mjukt handverk. Eg har hatt veldig lyst til å prøve meg på hardare handverk.

Alle var interesserte

Tanken bak kurset vart til på ei samling for Grønt spatak, ei ordning der Natur og Ungdom og Norsk Bonde- og Småbrukarlag samarbeider om å sende unge ut for å arbeide på gardar om sommaren. Dei hadde besøk frå Fortidsminneforeningen, som spurde om nokon var interessert i å lære å ta vare på gamle bygningar.

Alle hendene skaut i vêret.

– Då tenkte vi, dette må vi gjere noko med, seier Agnes Granli Lægreid på telefon til Framtida.no.

Ho er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, og hovudansvarleg for prosjektet.

Den første samlinga vart gjennomført i fjor, med 14 deltakarar, i Rollag kommune i Numedal. Då samarbeidde dei med «Lys i gamle hus», som Rollag er ein prøvekommune for, og den lokale Fortidsminneforeningen.

Deltakarane lærte blant anna å restaurere vindauge og korleis ein brukar eldre målingstypar som komposisjonsmåling og linmåling. Dei fekk god hjelp frå nokre eldre karar som sjølv hadde erfaring med restaurering og vern.

– Det vart ei veldig fin kunnskapsoverføring mellom generasjonar, fortel Granli Lægreid.

Agnes Granli Lægreid er sentralstyremedlem i Natur og Ungdom. | Foto: Lovise Tokle Rannekleiv

I år samarbeider dei med MiA – Museene i Akershus, og får besøk av instruktørar tilsett av museet.

Bastian Tuv Kverneland, August Horn, Anitra Beatrice og Odine Meyer ber på plank. | Foto: Agnes Mathilde Granli Lægreid

Tradisjon kan hjelpe med naturvern

Kvifor skal ein gjeng naturvernarar lære seg å restaurere gamle hus? Svaret er ganske enkelt for Granli Lægreid.

– Dei mest miljøvenlege husa er allereie bygd.

Ifølgje ein FN-rapport frå 2023 står byggebransjen for 37 prosent av globale klimautslepp.

Dersom ein tek vare på husa som allereie eksisterer, i staden for å bygge alt nytt, forsvinn ein del av desse utsleppa. Å gjere bygg brukande att kan handle om noko så enkelt som å setje inn vindauge med tolagsglas for å betre isolasjonen til bygget, eller eit par ekstra lag med den rette målinga.

– Før var dette noko ein gjorde sjølv, men mange i dag har ikkje kunnskap om korleis ein kan gjere det, seier Granli Lægreid.

Kurset skal gjere at unge kan få desse kunnskapane, og ho håpar at dei som knapt har hamra inn ein spiker tør å melde seg på.

Eit anna viktig poeng for Lægreid er at dette også tek vare på lokal kunnskap ved å ta omsyn til lokale materialar og omgivnader. Det gir til dømes meining at tradisjonelle hus på Vestlandet, der regnet kan kome sidelengs, har liggjande trekledning, medan dei gjorde det motsett på Austlandet.

– Og dei husa kan skilje seg frå dei i Lofoten. Vi vil ta vare på dei lokale tradisjonane gjennom dette prosjektet.

Synfaring på småbruket Lille Bøle. Frå høgre: Ylva Seierstad, Takuto Moriyama, August Horn, Peter Theisen Amlie, Bastian Tuv Kverneland, Anna Kaarby Linstad. | Foto: Agnes Mathilde Granli Lægreid

Husdraumen

Atlas har gjennomført handarbeid på ein stol før. No vil dei lære seg kunnskap til større prosjekt. Foto: Privat

Før kurset i juli og august, er det hardaste handverket Atlas Akeleie Sælevik Fjose har gjennomført, ein stol frå fyrste klasse på vidaregåande. Dei gler seg veldig til å lære meir.

– Vi må ta vare på det vi har. Vi har jo avgrensa med ressursar, og det er ikkje så mykje gammalskog att.

Sælevik Fjose har ikkje eit hus klart til restaurering når dei er ferdig med kurset, men dei har nokre tankar om korleis dei kan bruke kunnskapen dei kjem til å lære: Draumen er eit gamalt norsk tømmerhus.