Canadiaren behandlar lær og skinn frå dyr etter gamle metodar.
– Før i tida skulle jo garvarar plasserast utanfor byen. Det hadde nok noko med kor lett reingjering var utan rennande vatn.
Det seier Liv Olesen (26) på telefon til Framtida.no. Ho er opphaveleg frå Canada, men bur no i Vågå i Innlandet og arbeider som naturgarvar. Det vil seie at ho behandlar skinn og lær og lagar produkt etter gamle metodar.
– Det eg høyrer veldig ofte er at folk trur det skal lukte ille, men det gjer det ikkje med metodane eg bruker.
Liv Olesen
Alder: 26 år
Frå: Nordvest i Canada, like ved Store Slavesjø
Yrke: Naturgarvar
Utdanning: Fagbrev som garvar. Utdanninga er førebels lagt ned, og det er fem i Noreg som har utdanninga.
Vant til ville dyre og lite folk
Oppveksten til Olesen i Canada, nær Store Slavesjø, 300 kilometer frå næraste tettstad, var prega av villmarka.
– Eg har vakse opp med jakt og fiske i Nord-Canada og det å respektere naturen og det ein får frå naturen.
Daude dyr var ikkje framandt for ho, og det var naturleg å ta vare på både kjøt og skinn. Det inkluderte å skrape skinna reine, men ho byrja ikkje å lære å garve skikkeleg før ho starta på folkehøgskule i Noreg.
På Fosen Folkehøgskule kunne ho ha garving som valfag. Det vekte verkeleg interessa hennar, og ho oppsøkte moglegheiter til å utvikle seg vidare.
Må tole å jobbe med daude dyr
Olesen tok fagbrev i garving for to år sidan gjennom Museene i Akershus (MiA) som forvaltar fleire tradisjonshandverk. Fagretninga er no lagt ned, sjølv om det blir jobba med å få på plass eit nytt tilbod.
I læretida fekk ho opplæring frå norske garvarar som var kunnskapsrike i det tradisjonelle handverket, og ho besøkte garveri i USA.
– Eg utvikla veldig mykje sjølvstende i læretida. Eg lærte mykje av å sjå på korleis dei andre jobba om korleis ein skal drive ei bedrift, og lærte mykje praktisk frå dei ulike garveria i USA.
Ho fortel at det er eit yrke som passar for dei som likar å arbeide fysisk og kreativt, samstundes som at du må tole å jobbe med daude dyr.
– Eg må jobbe praktisk, eg toler ikkje å sitje på skulebenken, innrømmer ho.
Dyre metodar
Dei aller fleste som tener på naturgarving, er sjølvstendig næringsdrivande. Olesen har også vore kopla på Gudbrandsdalsmusea for å hjelpe med formidling og opplæring av handverket.
– Eg har hatt eiga bedrift i eitt og eit halvt år no, og det er stor etterspurnad. Folk er ivrige etter å lære, og eg har fått mange oppdrag.
Det er gjerne jegerar som vil ta vare på skinnet frå fangsten sin, eller bønder som vil ha eit skikkeleg saueskinn eller kuskinn. Olesen kan gjere alt frå å gjere klart eit reinskinn som skal henge på veggen, til å lage vesker, klede og andre produkt av skinn.
– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?
– Ein gong fekk eg ein førespurnad om å behandle den døde katten til nokon. Nokre har lyst til å ta vare på kjæledyra sine på den måten.
Skinna er heller ikkje avgrensa til pattedyr. Fiskeskinn er også eit materiale ho synest er interessant å jobbe med.
Samstundes vedkjenner ho at det nokre gonger er vanskeleg å konkurrere med meir moderne metodar, og at potensielle kundar fell bort.
– Eg driv med gammal teknikk og naturgarving, mot industrigarving. Det er mange som er interesserte, men ikkje alle har råd.
Ho meiner likevel det er viktig å vise at ein ikkje treng sterke kjemikal, som kan vere skadeleg for naturen, for å behandle skinn.
Vidareformidlar til yngre
Tida går ikkje berre til å vere på verkstaden. 26-åringen arrangerer også kurs, i tillegg til dra på skulebesøk.
– Eg har drive med garving saman med barn og ungdom, og det er mykje interesse ute i skulen.
Ho synest det er synd at det i dag er så avgrensa utdanningstilbod for faget, og håpar det endrar seg i framtida. Draumen hennar er at ho kan drive med naturgarving i lang tid.
– Eg vil halde fram å jobbe med faget, formidle faget vidare, og vise alle korleis det er ein del av ei berekraftig framtid.








