Desse filmane kan bli Noregs Oscar-kandidat

Filmane Disco, Håp og dokumentarfilmen Selvportrett er på kortlista til å bli Noregs Oscar-kandidat 2021.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skam-skodespelar Josefine Frida sin kinodebut Disco har fått mykje merksemd og positive kritikkar både i Noreg og utlandet.

Filmen er skrive og regissert av Jorunn Myklebust Syversen og er blant dei tre kandidatane til å bli Noregs bidrag i kategorien beste framandspråklege film.

Håp og Selvportrett

Dei to andre filmane på kortlista til å bli Noreg sitt Oscar-bidrag er Håp, skrive og regissert av Maria Sødahl og dokumentarfilmen Selvportrett, skrive og regissert av Margreth Olin, Katja Høgset og Espen Wallin.

Håp er basert på regissøren sine eigne erfaringar med kreftsjukdom, der Sødahl mellom anna brukte ein av sine eigne kreftsjukepleiarar til å spele rolla ho hadde i behandlingsløpet.

Til sist kjem dokumentarfilmen Selvportrett om fotograf Lene Marie Fossen, som har slitt med anoreksi sidan ung alder. Tre månader før filmen hadde kinopremiere i Noreg døydde hovudpersonen av anoreksi, 33 år gamal.

Filmen er skrive og regissert av Margreth Olin, Katja Høgset og Espen Wallin. Olin har tidlegare vorte vald ut til å representere Noreg med spelefilmen Engelen, men kom ikkje inn på nominasjonslista i 2011.

Selvportrett har fått strålande kritikkar, men filmplakaten fekk òg kritikk for å verka triggande på eteforstyrringar.

Kva for film som skal representere Noreg skal diskuterast av Den norske Oscar-komiteen, som offentleggjer avgjerda neste veke.