Olaug Nilssen og Tore Renberg nominert til Bokhandlerprisen
Dei to nynorske nominerte nytta høvet til å takka bokhandlarane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag vart dei ti nominerte til Bokhandlerprisen offentleggjort.
På lista er det to nynorskutgjevingar, Olaug Nilssen si Yt etter evne, få etter behov og Tore Renberg si Tollak til Ingeborg.
– Bokhandlarane les mange bøker
Bokhandlerprisen vart delt ut for første gong i 1948, og årets pris vert delt ut 17. november på Litteraturhuset i Oslo. Prisen vert delt ut etter avstemming frå bokhandlarar over heile landet.
– Bokhandlarane les mange bøker gjennom året og det er alltid stas å få presentere ti av årets bokfavorittar, seier direktør i Bokhandlerforeningen, Trine Stensen, i ei pressemelding.
Alle dei nominerte er skjønnlitterære bøker, bortsett frå Erika Fatland, som er nominert for reiseskildringa Høyt: En reise i Himalaya. Vår meldar rosa forfattaren for ei levande reiseskildring med eit tydeleg overblikk over området.
I tillegg er debutant Gulraiz Sharif nominert for Hør her’a!, som vår meldar kalla ein nytenkjande debut.
– Takk til godgjengen på golvet
Både Nilssen og Renberg nytta høvet til å takka bokhandlarane på Instagram.
– Takk til godgjengen på golvet i norsk bokheim, bokhandlarane som har stemt! skriv Tore Renberg på sin Instagram, der han òg gratulerer sine mednominerte.
Årets nominerte til Bokhandlerprisen 2020 er:
- Erika Fatland, «Høyt: En reise i Himalaya», Kagge
- Helga Flatland, «Et liv forbi», Aschehoug
- Karl Ove Knausgård, «Morgenstjernen», Oktober
- Maja Lunde, «Solvokteren», Kagge
- Lars Mytting, «Hekneveven», Gyldendal
- Olaug Nilssen, «Yt etter evne, få etter behov», Samlaget
- Siri Pettersen, «Jernulven», Gyldendal
- Tore Renberg, «Tollak til Ingeborg», Cappelen Damm
- Zeshan Shakar, «Gul bok», Gyldendal
- Gulraiz Sharif, «Hør her’a!», Cappelen Damm
Les også: I bokhylla: Tore Renberg tykkjer ikkje det er så stas å ha forfattarar på middag