Dei to nynorske nominerte nytta høvet til å takka bokhandlarane.
mm

I dag vart dei ti nominerte til Bokhandlerprisen offentleggjort.

På lista er det to nynorskutgjevingar, Olaug Nilssen si Yt etter evne, få etter behov og Tore Renberg si Tollak til Ingeborg.

– Bokhandlarane les mange bøker

Bokhandlerprisen vart delt ut for første gong i 1948, og årets pris vert delt ut 17. november på Litteraturhuset i Oslo. Prisen vert delt ut etter avstemming frå bokhandlarar over heile landet.

– Bokhandlarane les mange bøker gjennom året og det er alltid stas å få presentere ti av årets bokfavorittar, seier direktør i Bokhandlerforeningen, Trine Stensen, i ei pressemelding.

Alle dei nominerte er skjønnlitterære bøker, bortsett frå Erika Fatland, som er nominert for reiseskildringa Høyt: En reise i Himalaya. Vår meldar rosa forfattaren for ei levande reiseskildring med eit tydeleg overblikk over området.

I tillegg er debutant Gulraiz Sharif nominert for Hør her’a!, som vår meldar kalla ein nytenkjande debut.

– Takk til godgjengen på golvet

Både Nilssen og Renberg nytta høvet til å takka bokhandlarane på Instagram.

– Takk til godgjengen på golvet i norsk bokheim, bokhandlarane som har stemt! skriv Tore Renberg på sin Instagram, der han òg gratulerer sine mednominerte.

Årets nominerte til Bokhandlerprisen 2020 er:

  • Erika Fatland, «Høyt: En reise i Himalaya», Kagge
  • Helga Flatland, «Et liv forbi», Aschehoug
  • Karl Ove Knausgård, «Morgenstjernen», Oktober
  • Maja Lunde, «Solvokteren», Kagge
  • Lars Mytting, «Hekneveven», Gyldendal
  • Olaug Nilssen, «Yt etter evne, få etter behov», Samlaget
  • Siri Pettersen, «Jernulven», Gyldendal
  • Tore Renberg, «Tollak til Ingeborg», Cappelen Damm
  • Zeshan Shakar, «Gul bok», Gyldendal
  • Gulraiz Sharif, «Hør her’a!», Cappelen Damm

Les også: I bokhylla: Tore Renberg tykkjer ikkje det er så stas å ha forfattarar på middag

Tore Renberg feirar 25 år som forfattar og sin andre nynorskroman i 2020. Foto: Marie von Krogh. Omslag: Cappelen Damm. Kollasj: Framtida
Oppdatert: måndag 2. november 2020 14.44

LES OGSÅ

ANNONSE