Sophie Elise: – Mange dårlege blogg- og kjendisbøker

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 27.10.2020 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er sikkert ikkje innanfor å seie, men eg saknar å lese bøker frå unge menn som skriv denne typen litteratur. Det finst liksom ingen 25 år gamal gut som skriv om dei tinga eg har lyst å lesa om, seier Sophie Elise Isachsen til Framtida.no.

Ho har nettopp delteke i ein panelsamtale om blogglitteratur i samband med lanseringa av sakprosabladet Prosa.

Vår tids memoar?

Bak paneldeltakarane står spørsmålet: «Er bloggerboka vår tids memoar?»

Blogglitteratur vert ofte samanlikna med den subjektive sjangeren memoar, der forfattaren skriv om eige liv og erfaringar. Ifølgje Store Norske Leksikon er grensa mellom memoarar og sjølvbiografien flytande, men sistnemnde kan òg bli skriven ved hjelp av ein såkalla skuggeforfattar.

Bloggbøkene, som dei gjerne vert kalla, får mykje medieomtale og salstal som andre forfattarar berre kan drøyme om.

Litteraturkritikar Guri Fjeldberg samanliknar blogglitteraturen med idrettsbiografiar som Jeg er Zlatan, der ein ung person fortel om karrieren og sin veg til suksess. Ho dreg òg parallellar til politikarbiografiar.

– Me vil vete om menneske som har makt. Er de klar over kor mykje makt Sophie Elise har blant dagens tenåringar? Det er ikkje noko rart at dei les di bok. Det kan ein lese på same måte som folk på min alder er interessert i statsministeren, seier ho frå scena.

Fjeldberg meiner kvaliteten innafor blogglitteraturen er variabel.

– Det er veldig mange som meistrar det kortformatet veldig godt på blogg, men så klarar dei ikkje heilt det steget til bok. Så får dei for dårleg hjelp, seier litteraturkritikaren, som får støtte av bloggaren i panelet.

Panelet frå venstre: Bloggar- og forfattar Sophie Elise Isachsen, litteraturkritikar Guri Fjeldberg og redaktør i Cappelen Damm, Erik Møller Solheim, som har hatt ansvar for Sophie Elise sine bøker. Samtalen vart leia av lærar og forfattar Jørgen Moltubak, til høgre.

– Mange dårlege bloggbøker

– Eg vil ikkje shame nokon andre, men det er mange bloggbøker, eller kjendisbøker, som er dårlege, sa Sophie Elise Isachsen frå scena på Nasjonalbiblioteket.

Ho fryktar at dei unge lesarane kan bli uinspirerte dersom deira første møte med litteraturen er som eit blogginnlegg, berre dårlegare.

Til Framtida.no dreg ho fram Linnea Myhre sine bøker som lyspunkt i sjangeren, men meiner at dei fleste bøkene som er skriven av ein skuggeforfattar er dårlege.

– Om du ikkje har Jonas Forsang som ghostwriter, så er det som regel ikkje bra.

Sophie Elise les ikkje sjølv blogglitteratur og vil ikkje kommentera debatten rundt bloggkollega Anniken Jørgensen si utgjeving, men fortel at ho sjølv var bevisst på å ikkje nemna namn då ho skildra ei kjærleikshistorie i andreboka Elsk meg.

Laug seg til bokavtale

Sophie Elise sin forleggjar i Cappelen Damm, Erik Møller Solheim, understrekar at det ikkje er alle bloggarar som har ei bokforteljing i seg, men meiner Sophie Elise si oppveksthistorie fungerte i bokformat.

Debutboka Forbilde vart til etter at forlaget Cappelen Damm tok kontakt med Sophie Elise fordi dei las på bloggen hennar at ho heldt på å skriva ei bok. Til latter frå salen avslører ho at dette var ei lygn – ho var ikkje i gong med noka bok på dette tidspunktet.

I salen er det mange forlagsfolk, men trass i dette føler ikkje Sophie Elise at ho er teken inn i den litterære varmen. Ho meiner at hennar bloggstatus kan slå begge vegar i marknadsføringa.

– Mi bok har ofte ikkje fått ein sjanse hjå eit anna publikum, nettopp fordi eg er så mykje tilstade på sosiale medier, seier 24-åringen frå scena.

Bloggaren har heile vegen hatt tydelege tankar om korleis ho ville marknadsføra boka. Difor bestemte ho at lanseringsfesten skulle haldast på ein strippeklubb og skreiv kvart kapittel slik at det kunne publiserast som sjølvstendige tekstar på bloggen.

Jørgen Moltubak sikra seg ein selfie med bloggar Sophie Elise.

Blogghukommelse

Sophie Elise forklarar at det var freistande å forklara vala ho gjorde som 16-åring, når ho behandla dei litterært i vaksen alder.

– Men då hadde det ikkje vore 16 år gamle meg sitt hovud ein kjem inn i. Og det er jo det ein vil, forklarar bloggaren, som brukte bloggen til å hugsa tilbake til kven ho var.

Hennar ambisjon var at boka ikkje berre skulle handla om hennar historie, men gjere at ulike lesarar kan kjenne seg igjen.

– Folk som gir ein lang faen i meg og kven eg er skal også kunne lese dei bøkene og tenke: Eg drit i ho og hennar karriere, men eg kjenner meg igjen i dei følelsane ho beskriv. Om du er ein gut på 12 år skal du kunne kjenna deg litt igjen, seier Sophie Elise.

– Det er jo ein biografi om meg og mitt liv, men for meg har det vore viktig å ikkje rettferdiggjera alle vala mine i boka, seier Sophie Elise om debutboka «Forbilde» frå 2016.