«Du bør finne deg ein jobb der du møter minst mogleg menneske. Du stammar, veit du.»

Oscar Aaslund Hovin
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kommentaren vart først publisert i Adresseavisen Midtnorsk debatt og er omsett med velvilje frå forfattaren.

Rundt 50 000 nordmenn stammar – så det er store moglegheiter for at du kjenner nokon.

Stamming betyr at du snakkar med brot i talen, ufrivillege gjentakingar, forlengingar av lydar og blokkeringar. Det kan opplevast som at ord og lydar set seg fast, at ein ikkje kjem seg vidare. Det er store individuelle skilnadar. Medan nokre har ei så alvorleg stamming at kvardagen vert påverka i stor grad, lever andre fint med stamminga. Nokre har ei openbar stamming, medan andre har det meir skjult. Personar med skjult stamming klarar, i stor grad, å skjule det for omgjevnadane ved hjelp av å byte ut ord, lydar og andre triks.

22. oktober er den internasjonale stammedagenMedan ein prosent av den vaksne befolkinga stammar, reknar ein med at det gjeld omkring ti prosent av barnehagebarn. Det betyr at mange veks det av seg, men likevel er det viktig at dei får hjelp tidleg av logoped.

Stamma eg? Eg skjønte ingenting

Mitt første minne om mi eiga stamming, var tidleg på barneskulen. Ein lærar sa: «No går det bra med stamminga di.» Stamma eg? Eg skjønte ingenting. Det var først då eg fekk eit forhold til mi eiga stamming. Takka vere ein fantastisk logoped på barne- og ungdomsskulen, fekk eg lære teknikkar som hjalp meg mykje. Frå å vere skamfull og ha hendene framfor ansiktet når eg snakka, løfta eg blikket meir og meir opp og ga blikkontakt.

Det finst 50 000 ulike stammehistoriar i Norge. Alle er ulike og har eit ulikt utgangspunkt.

For min del var andre sine fordommar knytt til stamming det mest plagsame. Som den gongen eg fekk beskjed om at eg ikkje bør velje ein jobb der andre menneske måtte halde seg til mi stamming. Truleg var det ikkje vondskapsfullt meint. Mest sannsynleg var det berre eit teikn på at vedkommande ikkje visste betre.

Åra etter grunnskulen var vanskeleg, då eg følte at eg ikkje fekk god hjelp. Eg sat oftare og oftare att med kjensla av å ikkje kunne gå frå ein samtale eller diskusjon med verdigheita i behald. Mitt største vendepunkt kom då eg deltok på eit intensivkurs i ein alder av 19 år. Då bestemte eg meg for alvor: Mi stamming skal ikkje hindre meg frå å nå mine mål.

På kurset fekk eg ein verktøykasse med ulike teknikkar som gjorde at eg kunne få kontroll over mi eiga stamming. I mange år hadde eg prøvd å skjule stamminga. No skulle eg vere open, då det er ein vesentlig del av teknikken.

– Verda, no kjem eg og tar deg!

Ei av oppgåvene på kurset var å oppsøke hundre framande menneske, stille dei spørsmål og fortelle at eg stamma. Endeleg kjende eg på ein fantastisk fridom når eg snakka! Siste kursdag bestemte eg meg: Verda, no kjem eg og tar deg!

Etter kurset snakka eg med minst hundre personar kvar dag, med god teknikk for å bygge eit best mogleg grunnlag for den vidare jobben. Om det er nokon som vil ha informasjon om hotell i Noreg, er det berre å spørre meg. Eg ringde alle hotell i Norge, frå Lindesnes til Nordkapp, for å trene på å bruke teknikkane.

Samtidig hadde eg ein draum: Eg drøymde om å flytte til det store landet Syden for å jobbe som reiseleiar. To år etter mitt første intensivkurs, sette eg meg på flyet ned til Kanariøyene. Eg fekk to fantastiske år som reiseleiar.

Fleire som stammar, har problem med å seie sitt eige namn, nokre vel til og med å byte namn. Eg har også opplevd mange gongar at eg ikkje har klart å seie namnet mitt. Tenk – noko så elementært som å seie sitt eige namn. Det er ikkje morosamt å bruke to minutt på å seie sitt eige namn. Difor seier eg namnet mitt så ofte eg kan. Ingen av mine telefonsamtalar starter med «Hei!», dei startar med at eg alltid byrjar med å seie mitt fulle namn. På den måten visar eg at eg klarar å seie noko så grunnleggande som mitt eige namn. Eg er stolt av å kunne seie mitt eige namn.

Diverre finst det menneske som ikkje får hjelp.

Eg likar å sjå på stamming som eit isfjell. Du har den synlege delen, som andre ser og høyrer, men det er den minste delen. Delen vi ikkje ser, er større og inneheld alle kjenslene stamminga fører med seg. Her er det ein god del negative kjensler. Eg kjenner menneske som har byta namn fordi dei ikkje klarte å seie det.

Stamming fører også med seg ein del skam. Sjølvsagt skjemst ein, når ein ikkje klarar å seie sitt eige namn. Mange lever også med ei frykt for å stamme kvar gong ein går inn i ein situasjon der ein må snakke. Heldigvis har eg fått nok verktøy til å leve godt med stamminga mi. Det er trist at ikkje alle har fått den moglegheita. Diverre finst det menneske som ikkje får hjelp.

Er eg kurert? Nei, det er eg ikkje. Eg vil alltid vere ein person som stammar. Det er greit.

Eg har periodar der eg er dårleg på å bruke teknikkane eg har lært, men eg veit at eg kan gjere noko med det – det er godt. Både mi stamming og mine opplevingar knytt til denne er blitt ei styrke for meg.

Eg har kontroll over stamminga mi. Alternativet er at stamminga har kontroll over meg.


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no