Tidsminister beklagar at 2020 blir ein time lengre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Som tidsminister beklagar eg på det sterkaste at 2020 blir endå ein time lengre, dette har allereie vore eit svært krevjande år for veldig mange, seier næringsminister Iselin Nybø i ei melding til NTB.

Lysare morgon

Ho har ansvar for Justervesenet, og dermed òg for nøyaktig tid her i landet.

– Vi kan òg velje å sjå lysare på det. Når vi stiller klokka tilbake, blir natta ein time lengre. Det gjer at når vi står opp søndag, har sola rokke å komme litt lenger opp over horisonten enn på same tid dagen før, og vi får ein lysare morgon enn vi elles ville fått, seier næringsministeren.

Uvisst om me skal halde fram å stille klokka

EU-kommisjonen la i 2018 fram forslag om å avvikle ordninga med å stille klokka fram og tilbake.

Men korleis det vil gå med forslaget er uvisst.

Rådet har ikkje vedteke forslaget frå EU-kommisjonen, og som EU-parlamentet gjekk inn for i fjor.

Det er heller ikkje klart om EU vil jobbe vidare med forslaget.

Bør vi framleis ha vintertid og sommartid?

Bør vi framleis ha vintertid og sommartid?

Nei, avskaff ordninga. 463
Ja, behald ordninga.458
Eg bryr meg ikkje.51
Innfør hausttid og vårtid!19
Svar totalt: 991

Natt til søndag må vi hugse på å stille klokka ein time tilbake. Foto: Hallvard Østrem / NPK