Klokka skal ein time tilbake – kvifor?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor skal klokka stillast?

Søndag 30. oktober vert klokka stilt tilbake ein time – frå klokka 3 til 2. Farvel til sommartida.

Det er EØS-avtalen som seier at vi skal gjere dette, gjennom eit EU-direktiv frå 2001. Alle medlemsstatar skal stille klokka ein time fram siste søndag i mars, og tilbake siste søndag i oktober.

Kroppen tel 25 timar
Mange mislikar ordninga, og å stille klokka til vintertid er mindre upopulært enn til sommartid. Det har si naturlege forklaring, ifølgje professor Ståle Pallesen frå Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen.

– Dersom du observerer ein person i eit rom med stabilt lys og ikkje gir han nokon haldepunkt for om det er dag eller natt, vil han naturleg tilpasse seg ein omtrentleg 25-timars døgnrytme. Døgnrytmen til kroppen er frå naturen si side litt lenger enn 24 timar, seier han til NTB.

Derfor er det mykje lettare for kroppen å forlengje døgnet enn å gjere det kortare.

Det tyske imperiet var det første landet som under første verdskrigen innførte sommartid. Ved at arbeidstida starta tidlegare og slutta tidlegare, fekk dei ein time ekstra lys, og landet sparte på sårt tiltrengt kol. Snart følgde mange land etter. I Noreg er sommartida blitt avskaffa og innført fleire gonger, siste gong i 1980.

Vil fjerne vintertid
Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) utfordra Nærings- og handelsminister Trond Giske på dette i april i år.

– Eg trur folk flest er veldig opptekne av dette. Det er heilt unødvendig å stille klokka ein time tilbake. Mange mister moglegheita til å kome seg heim i dagslys, og foreldre har problem med å få barna til å omstille seg til ein ny søvnrytme to gonger i året, seier ho til NTB.

– Når det gjeld alt frå togruter, bussruter, kontortider og grensehandel og til mange andre ting, er det nok føremålstenleg for oss å ha same endring på sommar- og vintertid som til dømes Sverige, svarte Giske den gongen.

NHO har ikkje sterke kjensler for det eine eller det andre.

– Det viktigaste for oss er at vi er mest mogleg synkrone med nabolanda våre. Det gjeld både tidspunkt for avtalar og kommunikasjon mellom menneske. Tidssoner er ein ting, skal vi ha forskjellige sommar- og vintertider i tillegg blir det veldig rotete, seier Lars Jacob Hiim, avdelingsdirektør i NHO Arbeidsliv.

– Helsefarleg
Klinge har ikkje gitt seg. Ho håpar å overtale partifellar i og utanfor regjeringa til å utarbeide eit lovforslag som fjernar vintertida.

– Eg trur ikkje det blir så enkelt, ler ho. – Men det er faktisk ikkje noko i vegen for at Noreg gjer dette. Eg har fått ei avklaring frå Trond Giske på at det ikkje er noko i vegen for at EØS gjer eit unntak for Noreg. Island har heller ikkje sommartid, seier ho.

Russland bestemte seg i år for å droppe vintertid. No er det 65 land igjen i verda som praktiserer klokkejusteringar etter årstider. Store deler av Søraust-Asia, og Afrika har aldri hatt noko slikt.

– Dette forstyrrar verkeleg den menneskelege biorytmen. Det er berre irriterande. Enten forsøv folk seg, eller så vaknar dei tidleg og veit ikkje kva dei skal gjere med den ekstra timen, forklarte president Dmitrij Medvedev til nyheitsbyrået AFP.

Pallesen meiner vi burde gjere det same, sjølv om ekstra dagslys i arbeidstida utover ettermiddagen kan faktisk gjere dei tilsette meir effektive.

– Fleire studiar viser at faren for både hjerteinfarkt og bilulykker er mykje større like etter at klokka vert stilt ein time fram om våren. Folk som frå før har søvnvanskar slit. Vi burde verkeleg avvikle heile konseptet, seier professoren.

Dei som håpa på ein time ekstra skjenketid på laurdag blir skuffa. Fleire kommunar, blant anna Oslo, har teke høgd for vintertida, og forbyr å utvide skjenketida. (©NPK)

Er det på tide med berre sommartid eller berre vintertid?