Vidaregåande skular tener millionar på lakseoppdrett
Langs heile kysten finst det vidaregåande skular som tener godt på oppdrett. Arbeidarpartiet er kritiske til ordninga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
13 skular i Noreg er tildelt undervisningskonsesjon for oppdrett av laks og aure.
Ein laksekonsesjon er eit løyve til å drive med oppdrett av laks, som skulane leiger ut til andre oppdrettarar.
- Les også: Vil stilla CO2-krav til oppdrettsnæringa
12,5 millionar kroner
Ein av desse skulane er Måløy vidaregåande skule. Skulen fekk konsesjon i 2017, noko som har gitt dei 12,5 millionar kroner i inntekter.
– Det er vinn-vinn situasjon. Vi og heile næringa i regionen har fordelar av det, seier Mona Bakke Svarstad, prosjektleiar for akvakulturutdanninga ved Måløy vidaregåande skule til NRK.
Kritisk
Næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Terje Aasland, er kritisk til at nokre aktørar kan tene store summar gjennom ordninga.
– Det vi ser er at det blir veldig store verdiar konsentrert om nokre skular og oppdrettarar. Vi vil ha ein gjennomgang av ordninga for å sikre at dette kjem heile undervisningssektoren til gode, seier han til NRK.
- Les også: Fiskeslam skal bli gjødsel i Asia