Fiskeslam skal bli gjødsel i Asia

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er nettstaden Sysla.no som skriv om selskapet Bioretur. Dei driv store reinseanlegg som samlar opp og filtrerer fiskeslam før det til slutt blir tørka.

Det tørka fiskeslammet blir så sendt til Asia der det blir brukt til gjødsel. Gjødsla inneheld sink og kalsium som er årsaka til at det ikkje kan bli brukt i Noreg eller EU, men det inneheld òg mykje fosfor og nitrogen. Dette er det stor etterspørsel etter i Asia.

– Vi har fått auga opp for den internasjonale marknaden. I Noreg badar vi i organisk gjødsel og har eit stort overskot av fosfor, medan sør for ekvator er etterspørselen mykje større, seier Steinar Wasmuth administrerande direktør for Bioretur til Sysla.

Les også: Mange skular går glipp av lærerikt klimatiltak

Ein «game-changer»

Fiskeslam hamna før i fjorden, men dei siste ti åra har det kome nye krav om oppsamling frå landbaserte smolt- og oppdrettsanlegg. Difor er det stor etterspørsel etter gode løysingar for handsaming av avfallet.

– Handlingsrommet for å bli kvitt fiskeslam blir mindre og mindre for oppdrettsnæringa, så dette vil bli ein «game-changer» for heile bransjen, fortel Wasmuth.

Fisken skal ha 16 grader, medan plantene helst skal ha nesten tretti. Det gjer at dei brukar ekstra energi på å kjøle vatnet. – I eit ideelt anlegg hadde fisketankane og plantene stått i kvar sine rom, seier Stubhaug. Foto: Ida Johanne Aadland