«Klimakrisa vert arbeidarrørsla si viktigaste oppgåve dei neste åra»

Halvor Endrerud
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi lever i ei verd, der klimagassutsleppa og menneska sitt fotavtrykk på jorda har nådd eit bristepunkt.

Rovdrift på energiressursar og stadig aukande forbruk har føregått på eit altfor høgt nivå i altfor lang tid. Nedteljinga for å redde kloden vår nærmar seg null for kvar dag som går. Politikken si viktigaste oppgåve i tiåret som ligg føre oss er å skape ei verd der menneske, dyr og natur lever overeins med kvarandre.

Det er vi langt unna i dag.

Vi famlar i blinde

Vi har ei regjering som går når vi bør springe. Omstillinga i Noreg skjer altfor sakte.

I kampen for å redde klimaet skal Noreg stå i fremste rekkje. For å nå måla våre må heile fellesskapet bidra.

Staten, i samarbeid med partane i arbeidslivet, og folket er alle ansvarlege for å gjere klimavennlege val. Likevel er det statens sitt ansvar å sikre at dei klimavennlege vala er mogelege og oppnåelege. Det er staten som skal vere retningsgjevande i klimapolitikken.

I kampen for å redde klimaet skal Noreg stå i fremste rekkje

I dag famlar vi i blinde.

Vi treng politikk og ei regjering som har eit lengre blikk i klimapolitikken enn neste budsjettforhandling.

Vi har under 10 år på oss til å kutte halvparten av verdas utslepp, dersom vi ikkje teiknar opp framtidsdraumane våre i dag vil vi aldri nå dei. Difor skal vi i AUF vedta eit nytt program kor vi ser fram til 2035 og peikar på løysingane for framtida. 

Frå trafikkmaskinar til grøne lunger

I 2035 skal Noreg vere leiande på klimavennleg teknologi.

Utsleppa i verda skal vere halverte og menneske skal puste inn rein og frisk luft uavhengig av kor dei bur. Heile landet skal bidra til at Noreg er eitt av verdas grønaste land.

Byane skal ha gått frå å vere store trafikkmaskinar til å verte grøne lunger, og norske produsentar skal produsere klimanøytral som heile verda kan nyte godt av.

Klimaendringane skal verte løyste gjennom dialog og samarbeid.

I 2035 skal blikket vere vendt utover og sikre at ingen menneske vert drivne på flukt av klimaendringane som industrilanda skapte.

Om 15 år har kompetansen og pågangsmotet som har skapt det norske oljeeventyret vert brukt til å omstille arbeidslivet. Næringslivet og industrien har gått gjennom ei vellukka omstilling som følgje av ein aktiv stat og partane i arbeidslivet.

Kvar morgon skal det norske folk stå opp og gå på ein arbeidsplass der klimaavtrykket er avgrensa, kunne leve kvardagane sine så klimavennleg som mogeleg og bidra til grøn, framtidsretta vekst.

Ein god klimapolitikk gjev berekraftige arbeidsplassar på tvers av generasjonar. Vegen fram til det vil krevje prioriteringar og gode løysingar for alle. For AUF er prioriteringane klare: rettferd, arbeid og klimakutt.

Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no



Les også meiningsinnlegget frå Harald Nyland i Unge Høgre:
 «Det vil vere vanskeleg å nå togradersmålet utan bidrag frå kjernekraft»