Ola Svenneby (23) er ny leiar i Unge Høgre
23-åringen fekk vervet etter kampvotering mot Amalie Gunnufsen, som var innstilt på førehand.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mi viktigaste oppgåve som Unge Høgre-leiar blir å bidra til å vinne valet neste år, seier Ola Svenneby til TV 2.
Denne helga vart han valt til ny leiar i Unge Høgre, etter eit benkeforslag.
– Krevjande med benking
Før landsmøtet var nemleg Amalie Gunnufsen einstemmig innstilt som ny leiar frå valkomiteen.

YEPP (Youth of the European People’s Party) er ein paraplyorganisasjon for ungdomsparti, og den offisielle ungdomsorganisasjonen til European People’s Party. Foto av Amalie Gunnufsen: Julie Ellefsen / Til høgre: YEPP/youthepp.eu
I kampvoteringa fekk Svenneby 106 stemmer, medan Gunnufsen fekk 86.
Til NTB fortel han at det å bli Unge Høgre-leiar er ein draum som går i oppfylling, men at omstendigheitene var spesielle.
– Det er krevjande med benking og kampvotering. Om ikkje oppheita, så er i alle fall stemninga til å ta og føle på, seier til NTB etter valet.
Brenner for utdanning
Svenneby kjem frå vervet som 2. nestleiar i partiet og er oppvaksen i Våler i Hedmark, noko som har påverka engasjementet.
– Årsaka til at eg melde meg inn i Unge Høgre er utdanningspolitikken. Eg kjem frå det distriktet med dei dårlegaste skuleresultat. Eg har sett korleis det slår ut, og at det viktig å syte for at alle kan skaffa seg ein moglegheit, seier han til NTB.