Då eg var 20: Karen-Marie Ellefsen droppa statsvitskap for frilansarbeid i NRK

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var ekstremt fascinert av sport og sportsutøvarar då eg var barn, men skjønte fort at eg aldri ville verte god i noko sjølv. Difor var journalistikken min sjanse til å få leve i idrettens verd.

Det fortel Karen-Marie Ellefsen på e-post til Framtida.no.

Allereie som 9-åring hadde ho bestemt seg for at det var sportsjournalist ho ville verte.

To tiår seinare var Karen-Marie Ellefsen fast tilsett i NRK og den første kvinnelege sportskommentatoren i statskanalen noko sinne.

Karen-Marie Ellefsen serverte sjåarane sportsnyheiter på 80-talet. Foto: NRK

Nyleg vart Ellefsen heidra med Kongens fortenestemedalje for å ha vore eit førebilete i over 40 år, og for å ha vist at det er mogeleg å vere kvinneleg sportsjournalist og programleiar i eit mannsdominert miljø.

– Du har bana vegen for fleire av dine yngre kollegaar, og det gror ein underskog av gode kvinnelege journalistar i dine fotefar, står det i grunngjevinga.

Som 70-åring kan ho sjå attende på over 40 år som fast tilsett i statskanalen, når ho no går av med pensjon.

Men i 1970 var Karen-Marie Ellefsen 20 år gamal, og sjølv om sportsjournalistikken enno var målet, så hadde ho nyleg starta på vegen dit:

Kor var du då du var 20 år?

– Eg var i Oslo.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

– Eg fylte 20 i slutten av august 1970. Frå omtrent då og fram til jul jobba eg som avdelingshjelp på Kvinneklinikken på Rikshospitalet. Mest på barselsavdelinga, der eg hadde hatt sommarjobb året før.

Karen-Marie Ellefsen fortel at ho laga kaffi, serverte mat, rydda inn frå romma, vaska opp, skifta på senger, tørka støv og vaska golv.

– Og aller mest stas: Når eg hjalp barnepleiarane med å trille dei nyfødde fram og tilbake til rommet til mor.

– Etter jul tok eg førebuande på universitetet, og gjekk på førelesingar i filosofi, psykologi og logikk. Ein måtte bestå eksamen i desse emnene for å få byrje på eit fagstudium den gongen.

Hugsar du kva som skjedde det året?

– Nei. Tenker du på ute i Noreg og ute i den store verda, så hugsar eg ikkje så mykje av det før eg vert minna på det av Google. Men når eg tenker meg om, hugsar eg at Alf Prøysen døydde den hausten, men det hugsa eg nok fordi han låg på sjukehuset samstundes som ei av mine kusiner som eg besøkte der.

Alf Prøysen i 1964. Foto: Rigmor Dahl Delphin / Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0

– Elles fortel jo årstalet meg at den heftige debatten for og imot medlemskap i EU nok var i gong.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

– Eg var veldig oppteken av likestilling, kjønnsroller og kvinners mogelegheiter og rettar – då som no. Og eg las «alt» eg kom over om temaet. Elles slukte eg ein god del kjærleiksromanar, som heldt liv i draumen om «rytteren på den kvite hesten», som jo aldri kom.

– Og på laurdagskvelden samla familien seg framfor TV for å sjå westernserien Kruttrøyk, som var veldig populær i Noreg då.

Kruttrøyk (orig: Gunsmoke) var ein stor suksess både i opphavslandet USA og i Noreg, der den vart synt på laurdagskvelden: 

Hugsar du 20-årsdagen din?

– Nei, det gjer eg faktisk ikkje. Men eg var nok truleg heime i Valdres, og der var i alle fall mora mi tilstades på bursdagen min.

– Om systera mi, som gjekk på skule og budde på hybel på Fagernes, og far min, som arbeidde i Bærum, var der, er avhengig av kva dag bursdagen min fall på i 1970, og det hugsar eg ikkje.

Karen Marie Ellefsen (t.v) og hennar tre år yngre syster Arna Oddveig. Foto: Privat

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eit minne som har sett seg sterkt fast er den enorme letta eg kjende då eg tømte vaskebytta, vrei opp vaskefilla og sette dette frå meg på skyljerommet på avdelinga på Rikshospitalet vesle julaftan. Då tenkte eg at eg aldri skulle ha ein slik jobb meir. For den hadde vore innmari slitsam!

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg tenkte at eg skulle kvalifisere meg til å jobbe som sportsjournalist i ein periode, men at eg kanskje ville ynskje å gå over til eit anna fagfelt i journalistikken når eg vart litt eldre. Difor studerte eg fransk, eit språk eg likte godt, og at det kunne vere lurt fordi «alle» lærte seg engelsk, fortel Karen-Marie Ellefsen.

Etter journalisthøgskulen byrja ho å studere statsvitskap, fordi ho tenkte ho kanskje kunne verte politisk journalist ein gong:

– Men på den tida jobba eg så mykje frilans i NRK at det studiet vart aldri fullført.

– Og som 20-åring var eg nok nesten overbevist om at eg ville få ein eigen familie med mann og barn. Så feil kan ein ta.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At eg møtte ei målbevisst og ganske viljesterk jente, som hadde klare planar for vegen vidare når det gjaldt yrkeskarriere og som elles var ganske romantisk og drøymde om den store kjærleiken.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ikkje så mange annleis råd enn dei eg gav til meg sjølv då: Stå på! Ikkje gje opp sjølv om du møter motgang. Hald fast ved måla dine, ambisjonane og draumane dine, sjølv om andre i din nære krins skulle prøve å få deg på andre tankar og prøve å påverke deg til å gjere andre val.


Les også om korleis kvardagen for 20-årige Fela: – Eg visste eg kom til å drive med musikk, men ante ikkje kva som låg i vente for meg.

Felipe «Fela» Orellana ville råda den 20 år gamle versjonen av seg sjølv til å vise tolmod. «Di tid innanfor di kreative verd skal ein dag løne deg med alt du har drøymt om!» Foto: Privat