Då eg var 20: Fela hadde to jobbar samstundes som han fullførte VGS

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Felipe «Fela» Orellana er kjend for så mangt: som musikar, frå teaterscena og for sitt varige engasjement for Oslo-ungdomen.

Han har gjeve ut fleire album både som soloartist, og saman med gruppene Breaknecks og Degos. Nyaste plata kom i mars og er kalla opp etter gata han vaks opp i, Ole Brumms vei.

Saman med makkarane Don Martin og Castro har Fela også skapt og spelt i teaterstykket «Blokk til blokk» som tok Oslo med storm, då det først vart sett opp i januar 2018. Framsyninga er den einaste i Det Norske Teatret si 107-årige historie som har spelt på alle scenene, og vart selt ut gong etter gong.

Året etter kom framsyninga heim, og hadde premiere på Rommen Scene i Groruddalen.

Don martin, Fela, Castro

Dei seier dei tok med Groruddalen til teateret, og no tar dei med teateret til Groruddalen. F.v. Castro, Don Martin, og Fela.
Arkivfoto: Beate Haugtrø

75 utselde førestillingar i Oslo var ikkje nok for publikum, og no er karane frå «Blokk til blokk» i gong med å planlegge noregsturné og nypremiere i Oslo. (Ikkje hald pusten om du vil sjå framsyninga i Oslo – billettane er allereie utselde)

Men du kan få fylt Fela-dosa di, likevel. Han er nemleg aktuell som podkastprogramleiar i Leser søker bok sin nylanserte PodKæst, ein podkastserie for ungdom. I kvar episode inviterer Fela ein ny gjest, som skal prate om alt frå miljø til kjærleiken, og sjølvsagt også bøker!

Visste du til dømes at Camara Lundestad Joof eigentleg skulle skrive bok om porno, ikkje rasisme?

Det er ikkje berre i 2020 Fela har mykje å henge fingrane i. Det var så vidt tida strakk til i 2007 òg, då han var 20 år gamal:

Kor var du då du var 20?

Oooiii. Då eg var 20 år, då var eg student på Sinsen vaksenopplæring, samstundes som eg var ein ivrig kampsport-utøvar.

Eg dreiv med musikk, men då var det med gruppa mi Breaknecks.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg hadde to jobbar medan eg fullførte VGS på Sinsen vaksenopplæring, så eg jobba i barnehage dei dagane eg ikkje studerte og på ein delikatessebutikk på kvelden etter skulen dei dagane eg gjekk på skule. Så eg var ein ganske travel mann allereie som 20-åring.

I tillegg til at eg hadde ein kjærast, så det var vel 20 minutt med fritid kvar veke som 20-åring.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Oi, eg var 20 år i 2007. Det var det året mannen til artisten Kohinoor vart slått ned i Sofienbergsparken og ambulansen nekta å ta med seg han i bilen. Hugsar det var mykje i media det året.

Det var vel då Playstation 3 kom òg!

Ali Haji Mohamad Farah vart slått ned i Sofienbergparken i Oslo, 6. august 2007. Bilete frå rettsaken året etter, mot mannen som slo han ned. Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Musikk frå 2007 er vel det eg brukte mest tid på. Viss eg hugsar rett, så er det eitt av åra kor Justin Timberlake hadde eit kjempeår med låt med 50 Cent og det LoveStoned-albumet.

Han og Timbaland laga store bølgjer det året, as.

Samme med Akon som slapp låt med med ei av mine favorittgrupper, Bone Thugs-n-Harmony. Han hadde også eit bra år i 2007.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Ja, det var vel berre ein vanleg dag med full jobb, trur eg.

Hugsar ikkje om eg feira den eller ikkje. Kanskje det at eg ikkje hugsar det er eit teikn på at det var ei bra feiring – eg veit ikkje.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det må vere Partner Gym på Grønland. Den brune treningsbula rett over gata til Grønland politistasjon. Der brukte eg sjukt mykje tid på å verte flink til thai-boksing.

Wow, det er gode minner, as.

Visste du kva du skulle bli i livet?

På dette tidspunktet, nei. Eg var berre fokusert på å vere ferdig med skulen som eg hadde utsett så lenge.

Eg visste eg kom til å drive med musikk, men ante ikkje kva som låg i vente for meg.

Bilete frå då Fela spelte i Blokk til Blokk på Det Norske Teatret. Foto: Dag Jenssen/Det Norske Teatret

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg hugsar at eg på denne tida var veldig bestemt, same som eg er i dag. Men eg var vel bestemt i den forstand at eg ville jobbe og tene pengar, slik at eg kunne spare til noko. Eg jobba mykje på den tida!

Meg eg klarar ikkje hugse om eg hadde nokon klare langtidsplanar som 20-åring.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

«Hahaha!! Sjå på han der ‘a!», hadde eg sagt.

Eg hadde vel tenkt på meg sjølv som ein dritunge, om eg hadde sett meg sjølv som 20-åring i dag.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Eg hadde sagt:

Pass på helsa di.

Ver snill mot dama di!

Du må bruke meir tid med familien din, ikkje minst brørne dine. Få betre forhold og styrk kommunikasjonen dykkar.

Sei til mamma at du elskar ho kvar dag! Snakk med far din!

Ikkje slit deg ut med all jobb!

Og ikkje minst, ver tolmodig. Di tid innanfor di kreative verd skal ein dag løne deg med alt du har drøymt om! Du er kjekk, men dette veit du.


Les også om Knut Nærum (20), som skulle bli lærar for å forvalte visdom, inspirere dei unge og gå i kordfløyel:

Foto til venstre: Agnete Brun/pressefoto Cappelen Damm. Foto til høgre: Eirik V. Johnsen