Ei gruppe thailandske teltarar kan venta seg ein stinkande pakke i posten, med sjølvaste miljøminister Varawut Silpa-archa som avsendar.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det heile starta med eit Facebook-innlegg, der ein irritert innbyggar la ut bilete av telta og mengder med bos utanfor og inni – som blir samla opp av ein som jobbar i nasjonalparken Khao Yai, i Thailand.

Forfattaren av innlegget poengterer at det er respektlaust ovanfor andre å etterlata seg slikt bos, men ikkje minst at det går utover dyrelivet i området.

Nasjonalparken strekker seg nesten 2000 kvadratkilometer. Den ligg litt nord for hovudstaden Bangkok, og turistar brukar området til å gå på tur og sjå på fossefall og dyreliv. Det er også den eldste nasjonalparken i landet, og vart etablert i 1962.

Foto frå nasjonalparken
Khao Yai.. Foto: Thitiphum Koonjantuek/Unsplash

Det var The Thaiger som først omtala saka.

Bot på 150.000 kroner

Varawut Silpa-archa, miljøminister i Thailand. Foto: Wikipedia

Styresmaktene såg innlegget og bestemte seg for å gjera litt undersøkingar. Dei greide å spore ned teltarane ved hjelp av informasjonen dei hadde etterlete då dei leigde telta.

Å forsøpla nasjonalparkar er straffbart i Thailand, med ei strafferamme på opp mot fem år i fengsel eller bot på omlag 150.000 kroner.

Likevel bestemte miljøminister Varawut Silpa-archa, seg for å gjera meir enn å berre gi natursvina ei bot.

– Lærdom om å aldri kasta noko igjen

ขยะที่นักท่องเที่ยวทิ้งไว้ในอุทยาน ขณะนี้บรรจุลงกล่อง พร้อมส่งคืนถึงบ้านเจ้าของขยะเรียบร้อยครับ…

Posted by TOP Varawut – ท็อป วราวุธ ศิลปอาชา on Tysdag 15. september 2020

 

I eit Facebook-innlegg har han delt fotobevis av seg sjølv med pakkane som skal sendast med posten – fulle av bos etterlete av teltarane i parken.

Med pakken ligg det også eit lite kort: «Me har samla boset dykkar i ein boks og sendt det heim til dykk. Dette bør vere ein lærdom til dykk, om å aldri igjen kaste bos nokon plass».

I tillegg til den offentlege uthenginga, skriv han at teltarane også vil bli meld til politiet for  forsøpling og alkoholpåvirking, som begge deler er ulovleg i parken – i tillegg til å bli svartelista frå parken.

Thailendarar med kreative løysingar, for å ikkje bruka plastposar. (Foto: f.v: Thitiwut Varoon, ทอปฟี่ แมคอัพ)