Fleire studentar vert tekne i juks

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal Universitetsavisa har henta inn frå Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning (Unit) viser kor mange som per 12. september er utestengde frå høgare utdanning i Noreg.

Totalt 273 personar er utestengde frå ein institusjon eller fråtekne retten til å gå opp til eksamen på grunn av ei eller anna form for juks, eller for medverknad til juks, knytt til eksamen. Dette er ein auke på heile 48 prosent sidan mars, då avisa Khrono kartla at det var 184 personar som var utestengde med ei slik grunngiving.

I alt viser tala frå september at 307 personar er utestengde frå norske universitet og høgskular av ulike årsaker. Unit presiserer at ein person kan ha fleire vedtak mot seg.

Les også: Éin av seks studentar innrømmer eksamensjuks