Sjokkert etter forslag om å legga ned musikklinjene i Vestland

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I forslaget til ny økonomiplan for Vestland fylkeskommune kjem administrasjonen med eit forslag om å anten legga ned alle musikk-, dans- og dramalinjene i fylket, eller å legga ned to av fire slike linjer.

Forslaget møter stor motstand.

– Eg blir heilt sjokkert. Det er noko av det verste eg har høyrt, seier artist og tidlegare musikklinjeelev ved Stord vidaregåande, Hilde Skaar, til Framtida.no.

– Eg skjønar at dei må kutta pengar, men å kutta heilt ut tilbodet til kulturen og ein heil bransje, det synest eg er heilt grufullt.

– Umusikalsk

Kjell Erik Husom, regionlagsleiar i Creo Vestland, meiner forslaga er særdeles dårlege og umusikalske. I eit brev til fylkespolitikarane, skriv han at linjene er viktige for rekrutteringa av både våre framtidige profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar, og for tilveksten av eldsjeler og ressurspersonar i det frivillige kulturlivet i heile fylket.

Hilde Skaar fekk platekontrakt med Warner Music medan ho gjekk på musikklinja på Stord.

– Musikklinja har betydd veldig mykje for meg, og for at eg kom meg eit steg vidare, seier den EP-aktuelle artisten.

Sjølv om kuttet ikkje blir noko av, så reagerer Skaar på at det i det heile kjem opp som eit forslag:

– Det er eit skikkeleg dårleg signal å senda. Dei bør heller oppmoda folk til å driva med meir musikk og kultur, seier ho.

– Ikkje eit reelt forslag

Karianne Torvanger (Ap) er tydeleg på at det ikkje er aktuelt for koalisjonen å kutta ut musikklinjene i fylket. Foto: Vestland fylkeskommune

Karianne Torvanger (Ap) ønskjer å roa alle som er urolege for musikklinjene i fylket.

Ho er leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland, og seier forslaget er eitt av fleire alternative forslag frå administrasjonen til korleis fylkeskommunen kan spara pengar dei neste åra.

– Det er ikkje eit reelt forslag. Koalisjonen kjem ikkje til å gå vidare med dette kuttet. Det kan ikkje bli eit tydelegare nei enn det, seier ho.

Ho seier forslaget viser den krevjande økonomiske situasjonen til fylkeskommunen.

Fylkeskommunen må kutta 82,4 millionar kroner i opplæringstilbodet til neste år. Éin av grunnane til det, er ein høgare auke i talet på lærlingar enn rekna med.

Blant forslaga om kutt er å kutta skulefrukost, kutta fleire skulepsykologar og kutta i talet på yrkesfagklassar. Det er ikkje første året fylkeskommunen føreslår store kutt for dei unge. I fjor gjekk Ungdommens fylkesutval skarpt ut mot kuttforslaga.

Fylkesordføraren la ut ei melding på Facebook i føremiddag, der han skriv at det er ei uaktuell problemstilling for fleirtalspartia å ikkje tilby desse tilboda i eit fylke med 635.000 innbyggarar.

LES OGSÅ: Høgare trivsel med skulefrukost