Nigeria: Omar (13) dømd til 10 års fengsel for blasfemi

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 22.09.2020 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

UNICEF har uttrykt djup uro etter at 13 år gamle Omar Farouq vart dømd til ti års fengsel med straffarbeid i ein Sharia-domstol i delstaten Kano, nord i Nigeria.

Dømd for å ha snakka stygt om Allah

10. august vart Omar Farouq dømd for blasfemi etter å ha blitt skulda for å snakka stygt om Allah i ein krangel med ein ven. 13-åringen sin advokat, Kola Alapinni, skal ikkje ha fått møta klienten sin undervegs i saka.

Foto: Google Maps

Kano er ein av 12 nigerianske delstatar som praktiserer Sharia-lover, i tillegg til dei nasjonale lovene. Ifølgje advokaten er ikkje blasfemi straffbart i Nigeria og bryt med grunnlova i landet.

Advokaten seier til CNN at dommen også strir mot African Charter of the Rights and Welfare of a Child. 7. september leverte han inn ei anke på vegner av klienten sin.

Musikar dømd til døden

Saka skjer parallelt med at artisten Yahaya Sharif-Aminu (22) vart dømd til døden ved henging i same delstat. Den unge nigerianaren vart dømd same dag, av same dommar som Farouq.

Sharif-Aminu vart i mars arrestert for å koma med nedsetjande kommentarar om profeten Muhammed i ein låt som vart spreidd via WhatsApp. Låten vart laga i februar 2020 og etter at den byrja å sirkulere i sosiale medium brann sinte menneske ned heimen til familien, ei hending som ingen har vorte tiltalt for.

Også mor til 13-årige Omar Farouq som er dømd for blasfemi skal ha flykta til ein annan by etter dommen mot sonen, ifølgje Alapinni.

Toppen av isfjellet

Amnesty International Norge oppretta denne månaden ein underskriftskampanje for å hindra guvernør Abduallahi Umar Ganduje i delstaten Kano frå å signera dødsdommen til 22-åringen.

Over 15.000 nordmenn har signert på oppropet som krever at Yahaya Sharif-Aminu (22) vert sett fri. Skjermdump: Amnesty International Norge

Politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Gerald Folkvord, fryktar at saka til Yahaya Sharif-Aminu berre er toppen av isfjellet.

– Utfordringa me har sett er at Nigeria har dette rare systemet at i nokre delstatar i nord er det lokale sharia-domstolar, som har ganske store fullmakter, forklarar Folkvord.

– Det er eit parallelt system til det statlege justissystemet og kan mellom anna dømme folk til døden, noko som riktig nok må stadfestast av ein høgare innstans. Men det me har sett er at staten vil halde seg unna for å unngå bråk.

Folkvord meiner den internasjonale merksemda er viktig for å tvinga staten på banen der dei vanlegvis ikkje ville teke ansvar, men heller overlate innbyggjarane til lokale styresmakter.

Ei av dei mest kjende døma er frå 2002 då Amina Lawal vart dømd til døden for utruskap, ein dom som vart omgjort etter internasjonalt press.

Politisk rådgjevar i Amnesty International Norge, Gerald Folkvord. Foto: Amnesty

– Å fornærme gud kan ikkje vere ei straffbar handling

Folkvord har ikkje høyrt om saka til Omar Farouq før, men utalar seg på bakgrunn av CNN-artikkelen.

– Å fornærme gud kan ikkje vere ei straffbar handling. Det har ein rett til. Det er ytringsfridom, og også ein 13-åring har ytringsfridom, seier Folkvord.

Han understrekar vidare at barn ikkje kan dømmast til fengselsstraff med mindre det er heilt nødvendig, og berre i samband med dei aller mest alvorlege sakene.

– Då snakkar me om vald. Påstandar om blasfemi kan ikkje vere grunn til ti års fengsel. Det er heilt i strid med internasjonale standardar, seier Folkvord, som peiker på at Nigeria har slutta seg til både FNs barnekonvensjon og den afrikanske menneskerettskonvensjonen.

Får bistand etter internasjonalt press

Nigeria er eitt av landa som framleis praktiserer dødsstraff. Ifølgje Amnesty sit meir enn 2700 personar fengsla medan dei ventar på at dødsdommen deira skal gjennomførast. Den siste kjende avrettinga var i 2016, men berre i fjor vart meir enn 54 personar dømde til døden.

Ifølgje Amnesty var rettssaka til Yahaya Sharif-Aminu forhasta og urettferdig, og basert på meldingar frå WhatsApp, utan at den tiltalte fekk tilgang til eigen advokat.

Etter internasjonalt press har 22-åringen fått juridisk bistand slik at han kan anka saka.

Den 27. august publiserte delstatsmyndigheitene ei uttaleling der dei skriv at guvernøren ikkje vil nøle med å signere avrettingsordren.


Lyst til å lese betre nyheiter frå Nigeria? Ikorodu Bois gjenskapar Hollywood-filmar – no vert dei hylla verda over

The Ikorodu Bois – frå venstre Fawas Aina, Muiz Sanni og Malik Sanni. Foto: The Ikorodu Bois/Instagram