Retten til å døy

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Diskusjonen om aktiv dødshjelp er stendig aktuell. I USA fekk dei på midten av 1970-talet ei spesiell sak å bryne seg på.

Gary Gilmore
The Executioner’s Song, eller Bøddelens sang, heiter ein murstein av ei bok skrive av den store amerikanske forfattaren Norman Mailer. Verket kan best klassifiserast som ein dokumentarroman, ei sann historie som skrivaren har undersøkt med journalistiske metodar, for deretter å forme om til eit skjønnlitterært verk. Her får vi høyre historia om Gary Gilmore, ei historie som forresten òg vart grundig dokumentert i alle moglege medium på den tida då ho utspela seg.

Gilmore var intelligent og gåverik, men hamna tidleg på skråplanet i livet, og sat stendig i fengsel alt frå ungdomsåra av. Bøddelens sang byrjar idet han slepp ut på prøve i april 1976.

Han får bu hjå kusina si, og prøver seg òg i eit par jobbar, men det syner seg tidleg at han ikkje greier å halde seg på den smale stigen. I så måte hjelper det han ikkje eingong at han møter sitt livs store kjærleik, Nicole: Han drikk og slåst likevel, og driv med alskens småkriminalitet.

Drapsmann
Kjærleiksforholdet er turbulent, vanskane tårnar seg opp, og allereie i juli 1976 skjer det katastrofale: Gilmore ranar ein bensinstasjon, og jamvel om kveldsvakta bak disken gjer nøyaktig som han får ordre om, vel Gilmore å skyte og drepe han. Neste kveld gjer han tilsvarande mot ein tilfeldig resepsjonist på eit motell, som heller ikkje har gjort anna gale enn å vera på feil stad til feil tid.

Nokre dagar seinare blir Gilmore pågripen, og det er heva over all tvil at han er den skuldige mordaren.

Spørsmålet er altså berre kva straff han skal få. Delstaten Utah, dominert av sterkt religiøse mormonarar, praktiserer dødsstraff den dag i dag. Det gjorde dei i 1976 òg, på papiret, men den gongen hadde eit moratorium sytt for eit nesten ti års opphald i utføringa av dødsdommar i heile USA.

Gilmore hadde med andre ord gode utsikter til òg å sleppe unna med livet intakt, og dei fleste hadde nok forventa at ein eller annan anke ville moderere dødsstraffa hans til livstid i fengsel.

LES OGSÅ: Heidi Isabelle har gjort det til si livsoppgåve å kjempa mot dødsstraff

Ynskte dødsdom
Men så kom den store overraskinga: Gilmore hadde ingen planar om å anke. Han nørde inkje ynske om å tilbringe eit langt liv i fengsel. Han var klar for å ta den straffa han hadde fått.

Så, kva var problemet? Burde ikkje alle vera glade og nøgde, når han no var dømd til dauden og sjølv ynskte å døy? Nei då, langt ifrå.

Motstandarane av dødsstraff var prinsippfaste, og protesterte vel så heftig på denne «frivillige» avrettinga som på dei meir ufrivillige. Det gjorde Gilmore rasande. Andre, som kanskje var prinsippfaste tilhengjarar av dødsstraff, meinte no at det ikkje er opp til den dødsdømde å avgjera om han skal avrettast eller ikkje. Det var som om det plutseleg vart ei mindre effektiv straff å avrette Gilmore, når det kom for dagen at han sjølve ynskte å bli avretta.


Her i Utah State Prison vart Gary Gilmore avretta. Foto: Wikipedia

Dødsdom eller dødshjelp?
Unekteleg melde det seg interessante moralske spørsmål i denne saka.

Riktig nok sa Gilmore at han ynskte å gjera bot for seg, at hadde han hatt fleire liv å gje, så ville han gladeleg gjeve dei òg.

Han var forresten klår på at alle brukbare organ i kroppen hans skulle donerast til dei som måtte trengje dei. Rett før avrettinga si, spøkte han endåtil med at håret hans burde donerast til ein flintskalla advokat som skulle oververa seansen.

Men var det no eigentleg slik at Gilmore verkeleg ville sone for syndene sine, eller var det snarare snakk om å få hjelp av den amerikanske staten til eit etterlengta sjølvmord?

Det styrkte nok denne mistanken, det at Gilmore – som forresten trudde sterkt på reinkarnasjon – gjorde to mislykka sjølvmordsforsøk på cella si. Det eine fekk han forresten si kjære Nicole med seg på, såleis at ho hamna på galehus og aldri fekk sjå att elskaren sin.

LES OGSÅ: Den belgiske justisministeren har sagt ja til at ein drapsmann i fengsel kan få avslutta livet sitt. No har femten andre innsette levert inn søknad om eutanasi.

Retten til å døy
Innan no har det venteleg vorte openbert at Gilmore faktisk vart avretta. Han fekk velja metoden sjølv, og den 17. januar i 1977 vart han skoten.

Var det riktig at det gjekk slik? Det er naturlegvis eit uhyre vanskeleg spørsmål, og eg er ikkje sikker på kva svaret bør vera, men det er no uansett artig å tenkje litt på slike ting.

Etter grundig vurdering har eg for min del falle ned på eit ja, at det var så riktig som det kunne bli. Eg er heilt imot dødsstraff, men ikkje retten til å døy, om det no er det ein ynskjer.

Skal vi i alskens andre samanhengar tala om retten til å rå over eigen kropp, må vi vera konsekvente. For viss ein ikkje i ytste konsekvens kan rå over sin eigen eksistens – sitt «to be or not to be» – er denne råderetten over eigen kropp i grunnen svært lite verd.

«This is my life»
Sjølvsagt bør det stille seg annleis for ein person som er diagnostisert med alvorleg psykisk sjukdom, og som ikkje veit sitt eige beste, men Gilmore var vurdert av hjernekrymparane som åndsfrisk.

Forresten bør vel staten uansett ikkje, under normale omstende, bistå den suicidale i sjølvmordet hans. Det blir eit litt for tungt ansvar for den stakkars staten, som saktens har mykje anna å stri med.

Men Gary Gilmore hadde ikkje tilgang til midla ein «normalt» treng for å ta livet sitt, og var såleis i realiteten fråteken den moglegheita. Med kva rett kan nokon annan avgjera at ein åndsfrisk person ikkje skal få lov til å døy? «This is my life and this is my death,» var Gilmores sobre syn på saka.

LES OGSÅ: Fleirtalet er positive til aktiv dødshjelp, ifølgje fersk undersøking