Venstres programkomité foreslår å stanse all oljeleiting
Vi har allereie funne meir fossil energi enn vi kan bruke, viss vi skal nå måla i Parisavtalen, meiner Unge Venstres leiar. Han vil stanse all ny oljeleiting.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ikkje forsvarleg å opne fleire oljefelt og forlengje norsk oljeproduksjon. Allereie har vi opna oljefelt som skal leve etter at verda må ha null utslepp, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark til NTB.
Han sit i Venstres programkomité, som no er i innspurten i arbeidet med å utarbeide eit forslag til nytt partiprogram for perioden 2021–2025. Forslaget om oljestans er med i førsteutkastet.
– Eg vil ikkje gamble på at Europa framleis skal bruke store mengder norsk olje og gass i framtida, all den tid Europa byggjer ut stadig meir fornybar energi og bruker energi meir effektivt, seier Hansmark.
Det var Aftenposten som først omtalte saka.