Rockestjerna Dave Grohl utfordra til «tromme-battle» med 10-åring – sjå korleis det gjekk!

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nandi Bushell (10) frå Storbritannia har blitt kjent på Youtube for mange av dei hardtslåande trommevideoane sine. Tiåringen har over 140.000 abonnentar og videoane hennar er sett fleire millionar gonger.

I vinter blei ho kjent for versjonen sin av «No one knows» av rockebandet Queens of the Stone Age. Ho har òg spelt «In Bloom»-låta til Nirvana. 17. august spelte ho ein strålande versjon av Foo Fighters-låta «Everlong».

Dave Grohl

Dave Grohl er frontmann i Foo Fighters, men har òg spela trommer for Queens of the Stone Age. Foto: Craig Carper, CC-BY-SA

Originalsongane har Dave Grohl bak trommene.

Drøymer om å spela i lag med Foo Fighters

Då Nandi la ut sin versjon av «Everlong» (sjå øvst!), skreiv ho:

– Draumen min er å ein gong spela i lag med Dave Grohl, Taylor Hawkins og alle dei andre i Foo Fighters! Herr Grohl, eg ville elska å ha eit «tromme-battle» med deg. Eg ELSKAR «Everlong» – den er skikkeleg vanskeleg å spela. Den er så rask, men så gøy å spela.

Førre helg, svarte Grohl på utfordringa. Han sa i ein video på Twitter at han var blitt bombardert med hundrevis av meldingar om utfordringa frå den unge trommisen.

Grohl spelte kring 30 sekund av «Everlong», og sa at han ikkje hadde spelt songen sidan han blei spelt inn for 23 år sidan.

Etter dette utfordra han Nandi Bushell til å spela Them Crooked Vultures-låta «Dead End Friends».

– Eg har sett alle videoane dine, og eg har sett deg på tv. Du er ein utruleg trommis. Eg er skikkeleg stolt over at du har valt nokre av songane mine i videoane dine, sa Grohl til 10-åringen, før han la til:

– Dette var svaret på utfordringa di. No er ballen hos deg!

Nandi Bushell svarte på Twitter rett etter at dette var uverkeleg, og at ho ikkje kunne tru at Dave Grohl hadde akseptert utfordringa frå ho:

Sist veke svara Nandi tilbake, og Dave Grohl svara tilbake at ho vinn første runde, men at dette ikkje er over.

– Gjer deg klar! For eg har tenkt ut noko heilt spesielt, skriv han i den siste meldinga så langt…

Tik Tok har dei siste to åra rukke å bli ein av dei mest populære appane i verda. Her ser vi 14 år gamle Jalaiah Harmon (i midten) som står bak den verdskjende dansen the Renegade. Skjermdump frå TikTok.