Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle typar kroppar bør fremjast, slik at normen ikkje lenger er slank, kvit og retusjert, seier kroppspositivist Wilde Siem (29) til Framtida.no.

Ho er del av ei Instagramrørsle som freistar å nedkjempa kroppspress med eit mangfald av kroppar.

Her deler fire kroppspositivistar sin magiske kur:

1. Slutt å snakk stygt til deg sjølv – også framfor andre.

2. Fake it ’til you make it!
Ikkje bruk tida di på å ønskje at du var tynnare eller at du såg annleis ut.

3. Rydd opp i feeden din.
Instagram er kjent som verstingen når det kjem til unge menneske, og då spesielt unge kvinners, sjølvbilete. Mange av bileta reproduserar ideen om kva som er ein vakker kropp, og dette kan gå på helsa laus. Avvfølg folk som får deg til å føle deg ræva. Følg folk som viser mangfald.

4. Skriv ned hyggelege ting du får høyre om deg sjølv.
Les desse så ofte du kan. Du kan også skrive ned hyggelege ting om deg sjølv, og gøyme lappane rundt omkring blant tinga dine. Det er ganske hyggeleg å opne ei bok å finne ein lapp der det står «du er ei skikkelig bra dame!» eller «du er ein skikkeleg bra mann!»

Frå venstre:Wilde Siem (@Happykropp), Carina Carlsen (@Fetmenfattet), Sonja Iren Ebbesen Johnsen (@sonja.iren) og Nastaran Marie Kowkabi (@Nastaranmarie) er alle profilerte kroppspositivistar. Foto: Instagram

5. Innsjå at kropp er trend.
Om du ser på korleis kvinnekroppen har vore i forandring fra 1900 til 2019 vil du sjå at ingen har sjanse til å passe inn.

6. Les deg opp.
Kvifor tenkjer vi som vi gjer om kroppane våra? Er det annleis i andre deler av verda? Dette er viktige ting å vite noko om, og som kan redusere sjølvhatet når vi skjønnar at «normkroppen» er samfunnsskapt og berre laga for at andre skal tene gode pengar på vår usikkerheit.

7. Tenk over kva kvalitetar du ser etter i folk rundt deg.
Ønskjer du å vere omringa av folk fordi dei er hyggelege, eller på grunn av korleis dei ser ut?

8. Kjøp klede som passar til kroppen din, det er ei god investering.

9. Ikkje kommenter andre sin kropp (og sei frå at dei ikkje kan kommentere din.)
Det å ha gått opp eller ned i vekt er ikkje nødvendigvis positivt. Om du komplimeterar at nokon har vorte tynnare kan det hende du heiar på eteforstyrringa deira.

10. Mat er ikkje farleg.
Du må ete kvar dag. Du har lov til å ete det du ønskjer.

Les også om Remy Berland, som tek eit oppgjer med kroppspresset: – Vi har godt av å verte eksponerte meir for vanlege kroppar

Er Remy Berland den neste Brun og Blid-modellen? Foto: Privat