Vekas musikktips: Frå Billie Eilish til Nick Drake og Mads Hansen

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Billie Eilish – When we all fall asleep, where do we go?

Den relativt unge Billie Eilish (17) har klart det som eit fåtal artistar klarer, allereie på debutalbumet hennar: Å lage eit kommersielt album som samstundes er ei kreativ perle.

Saman med den eldre broren har ho laga noko som i mi bok kan hevde seg med album som «Yeezus» av Kanye West, «22, a million» av Bon Iver og ein handfull andre utmerka album frå det siste tiåret. No har riktig nok albumet ikkje vore ute så lenge, og moglegheita for at det vil tape seg med tida er der. Men i løpet av dei to vekene albumet har vore ute har det klart å bli albumet eg har høyrt flest gongar i 2019, og eg er ikkje i nærleiken av lei enno.

Det kan også vere verdt og nemne at dette er første gong eg verkeleg støttar norsk mainstream musikkmedia si hylling av ein artist.

Albumet er rett og slett ei samling med alt eg verdset i musikk

Albumet er generelt sett ganske mørkt og tungt, men har også lettare songar som gjer albumet akkurat passe balansert. Det får deg til å føle på kjensler som til tider er på grensa til ubehagelege. Dette elskar eg. At musikk klarer å ha den effekten på eit menneske er ganske fantastisk om du spør meg. Albumet har eit leikent preg og ein fridom som ikkje ville ha eksistert i eit album til ein etablert artist med eit gjennomsyra «profesjonelt» låtskrivarteam i ryggen.

Albumet er rett og slett ei samling med alt eg verdset i musikk. Det er alvorstungt, leikent, kjensleladd, kompromisslaust og har masse kontrastar. Veldig, veldig bra.

Jon Olav spår også at låten Bury a friend av same artist kanskje vert årets store hit.

Vekas gæmlis

Nick Drake – River man

Nick Drake var ein mann med svært gode evner innan låtskriving, som dessverre gjekk vekk alt for tidleg. I ein alder av 26 døydde han av ei overdose heime hjå foreldra. Han fekk ikkje noko særleg merksemd medan han levde, og dei tre albuma han gav ut opplevde ikkje suksess i hans levetid. Men i seinare tid har han blitt rekna som ein artist som har hatt innflytelse på mange artistar og sjangrar.

«River man» frå debut-albumet Five Leaves Left er, likeins med dei fleste andre av Nick Drake-låtar, av den melankolske sorten. Strykarane i låta ligg som eit draumande teppe gjennom heile låta og får deg til å tenke over livets eksistensielle spørsmål.

Eg får ordentleg lyst til å sette meg ned og gruble over sjelelivets mysterium når eg høyrer denne låta. Etter å ha høyrt ein del på Nick Drake trur eg også han sjølv dreiv ein del med denne typen aktivitet.

Vekas spådom

Mads Hansen – Sommerkroppen

Jau, du las rett. Eg har med den mykje omtalte låten sommarkroppen i spådomsspalta mi. Låten som handlar om å operere for å få sommarkroppen i staden for å trene. Har det rabla for meg? Kanskje. Men det er trass alt eit faktum at denne låten er ein av dei mest suksessfulle låtane i 2018. Og det er ein grunn til at den vann årets låt under Spellemanprisen 2019. Den er eigentleg ganske fengande.

Har det rabla for meg? Kanskje.

Personleg har eg litt sansen for Mads Hansen. Låta og bodskapet er jo så som så. Men eg klarer å sjå ein underhaldningsverdi i parodien som heile opplegget utgjer. Faktumet at han også er klar på at han ikkje anar kva han driv med og at all suksessen er fullstendig ufortent, det har eg litt sansen for. Kanskje eg strekk strikken litt for langt no, men eg ser tydelege parallellar mellom denne låten og f.eks. «The Fox» av Ylvis. Begge låtane er laga for å underhalde. Og det er det låtane gjer.

Uansett. Eg trur vi vil kome til å høyre mykje av den i komande år.