Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kunne eg skrive kva som helst i heile verda ville eg helst ha vore ein barokk salmediktar, skriv Kari Anne Bye på e-post til Framtida.no.

Når 37-åringen no bokdebuterer så er det likevel langt derifrå. Diktsamlinga Eg et før eg kjem handlar nemleg om dating og kjærleik i Tinder-tida.

Me har teke ein titt i bokhylla til den trønderske poeten.

Desse bøkene fekk Kari Anne Bye til å grine, le, bli sint og tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Du, Håvard J. Nilsen. Dette er ei bok om ein ung mann i eit komplisert forhold. Til Gud.

Forfattar Håvard J. Nilsen. Foto: Heidi Furre/Presse

Kva bøker les du helst?

Mitt favoritt-tema er «smart person gjer dum ting». Viss forfattaren greier å balansere dette, slik at vi både trur på det, men samstundes vert litt lamslått av kva karakterane faktisk kan få seg til å gjere, kor komplisert og sjukt enkel, den menneskelege psyken er, då er eg med!

Eg er fascinert av bøker som gjev ei viss psykologisk innsikt, som gjerne seier noko om samfunnet òg. Her er jo Marit Eikemo eksepsjonell.

Kor les du?

Eg les nok mest i sofaen heime, men eg er spesielt glad i å lese på hytta. Då kan eg berre vere i ei bok, lenge.

Kva bok/bøker vart lesen til deg som liten?

Vi var jo gjennom alle slagerane som barn av mi tid var gjennom: Astrid Lindgren, Torbjørn Egner, Anne-Cath Vestly, Roald Dahl. Eg var òg veldig glad i Drømmen om Narnia-serien til C.S. Lewis.

Begge foreldra mine las for oss på senga da vi var små. Bestemødrene mine las og. Eg hugsar at farmora mi las brørne Grimm for meg, med blodige stesøstersko og alt. Og mormor las 1001 natt for meg.

I ettertid trur eg nok mormor sensurerte eit og anna der.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Som heilt ung las er berre om hestar og jenter som likte hestar. Mellom anna ein svensk serie om ein kvit hest som heitte Silver.

Seinare las eg, absurd nok, ganske mykje Amalie Skram.

Amalie Skram (1846-1905) var ein favoritt saman med hesten Silver. Illustrasjonsfoto: Helena Lopes, Unsplash.com

Kva meiner du gjer ei bok god?

Ei god bok er ei bok som balanserer. Litt som ein fyr du er litt gira på, men som du ikkje veit heilt kor du har. Ei god bok gjev deg akkurat nok, men ikkje heilt nok, til å forstå heile biletet. Ei god bok vekker tanken i lesaren, og trangen til å tolke og forstå.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eg hugsar at eg kjende meg litt att i Ine Wang i Berge (Jan Kjerstad), men eg trur ikkje dette er noko ein seier høgt.

Sambuaren min foreslo «Nasse Nøff». Takk til han.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Kva er reglane, kan eg ete middag med Sigrid Undset og gått på fylla med Amalie Skram etterpå?

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Sigrid Undset er ein god kandidat.

12 år gamle Sigrid Undset (midten) med søstrene Signe og Ragnhild (1894) Foto: Nasjonalbiblioteket

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Ei ung(ish) Liv Ullmann!

Liv Ullmann i rolla som Gerd i debutfilmen «Ung flukt» frå 1959.

________________________________________________________________________

Forfattarane har ulike strategiar på portretta sine, og skilnadane mellom kjønna er store. Frå venstre: Heidi Furre, Jon Fosse og Vigdis Hjorth. Foto: Heidi Furre/Flamme, Tom A. Kolstad/Samlaget, Agnete Brun/Cappelen Damm.

Kari Anne Bye

  • Alder: 37
  • Frå: Trondheim
  • Utdanning: Master i historie, elles utdanning innan drama og teater, nordisk og pedagogikk
  • Yrke: Mja. Kan ein seie forfattar no? Den førre jobben min var som universitetsbibliotekar i kultur- og vitenskapshistorie.
  • Tal på lesne bøker i året: Viss eg skal rekne eit snitt no vil eg seie ein stad mellom 40 og 50 i året.