4.400 studentar står framleis i bustadkø

Tre veker etter semesterstart ventar mange studentar framleis på å få studentbustad. Likevel stod langt fleire i bustadkø på same tid i fjor.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv ei god stund etter semesterstart ser vi at mange studentar framleis står i bustadkø. Det er heilt tydeleg at vi treng å byggje fleire studentbustader for å sikre at alle har fått plass til studiestart. I verste fall står nokre av desse studentane utan bustad no, seier Andreas Trohjell, leiar av Norsk studentorganisasjon i ei pressemelding.

Ei kartlegging organisasjonen har gjort, viser at 4.431 studentar stod i bustadkø hos studentsamskipnadene 1. september. Det er likevel langt færre enn 1. september 2019, då 5.358 studentar stod i bustadkø.

Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim er ein av dei som no får tilskot for å pusse opp. Her frå Moholt studentby i Trondheim. Foto: Sit / Foto av forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim: Regjeringen