Over 2 000 studentbustadar skal verte oppgraderte
Åtte studentsamskipnader har fått til saman 250 millionar kroner til å oppgradere over 2.000 studentbustadar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ei kjempenyheit for både studentar og byggjebransjen. Bustadane blir meir moderne samstundes som vi held hjula i gang over heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Tilskota til oppgradering skal brukast til å gjere bygga meir tilgjengelege og auke levetida. I tillegg skal oppgraderingstiltaka mellom anna vere ein del av arbeidet med å redusere energibruken.
– Eitt krav for å få pengar er at oppstarten for oppgraderinga skal setjast i gang raskt, i 2020. Vanlegvis tildeler vi pengar til nye studentbustadar, ikkje til oppgradering. Men no er vi avhengige av å halde hjula i gang i byggjebransjen, og kva er vel betre enn at studentane då vil nyte godt av det, seier Asheim.
Her kan du sjekke om studentskipnaden din får tilskot!
- Les også om Guro og Mats Herman som bygde sin eigen heim: Frå bustad med seks soverom til minihus på 18 kvadratmeter