Hurtigruten får kritikk for same-karikatur
Eit nederlandsk reiseselskap marknadsfører Hurtigruten med ein karikatur av ein samegut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er jo joikakaker på nytt. Eg synest det ser veldig likt ut som joika-emblemet, seier professor ved UiT, Ketil Hansen, til NRK.
Det nederlandske reiseselskapet Norske Noorwegen Reizen brukar ein samisk karikatur i logoen sin. I logoen er òg logoen til Hurtigruten, sidan selskapet leverer Hurtigruten-turar.
– Dette er ei stereotypisk framstilling av det samiske som vi har diskutert veldig mykje no i det siste. Å framstille samar på den måten er ein type kulturelt tjuveri, seier Hansen til statskanalen.
- Les også: Joikakaker endrar namn
Hurtigruten vil ta opp saka
Norske Noorwegen Reizen reklamerer med at dei er ekspertar på Noreg og har samarbeida med Hurtigruten sidan 1991.
– Med tanke på at reisebyrået har selt reiser til Noreg sidan 1953, og sel reiser på vegner av ei rekkje store norske bedrifter, er det lett å seie i dag at nokon burde teke denne praten med dei ein gong dei siste 60 åra. No skal i alle fall vi ta ein prat med dei, og forklare kvifor det er fleire som kan reagere på logoen deira, seier marknadsdirektør i Hurtigruten, Stine Steffensen Børke, til rikskringkastaren.
Det nederlandske reisebyrået opplyser at dei ikkje har hatt som intensjon å fornærme nokon med logoen og seier at dei vil endre han.
Les også: Verken NRK, SVT eller Yle tekstar på samisk: – Skulle gjerne sett Skam med samisk tekst