ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN Joikakaker endrar namn

Joikakaker endrar namn

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Joikakaker endrar namn

No forsvinn det 60 år gamle namnet og designet.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Tidene har forandra seg sidan Joika først vart lansert. Ord og grafiske uttrykk som var daglegdags den gong, opplevast annleis i dag, og det er ei riktig avgjerd å endre oss i takt med dette, seier merkevaredirektør Nina Rishovd Stavenæs i Nortura i ei pressemelding.

Utdatert design

Leiar av kulturavdelinga i Samerådet, Christina Hætta. Foto: Samerådet

Det var i april at det blussa opp ein debatt rundt bruken av det samisk-klingande namnet og designet på Joika-boksane. Både Samerådet og andre stemmer tok til orde for at designet er utdatert og ville ha ei endring.

Fleire samiske talspersonar omtalte Joika-designet som diskriminerande. Leiaren av kulturavdelinga i Samerådet, Christina Hætta, uttalte mellom anna til NRK at Joika gir ei gammaldags stereotypisk framstilling av samane.

No er Hætta glad for at Nortura gjer endringar, og ho takkar dei for god dialog, og at dei lyttar og viser forståing.

Les også: Sterke historier frå samar strøymer inn til sanningskommisjon: – Uendeleg vondt

Den samiske guten forsvinn fyrst

– Vi har hatt ein veldig god samtale med Samerådet og Sametinget og ønskjer å halde ein tett dialog med dei vidare, seier Stavenæs.

Det vil ta noko tid før endringane blir synlege. Nortura må først bruke opp emballasjen som allereie er trykt opp.

– Det første vi kjem til å gjere, er å ta vekk illustrasjonen av den samiske guten. Vi vil trenge meir tid på å endre sjølve namnet, som vil skje gradvis for å venne forbrukaren til eit nytt namn, seier Stavenæs.

Grunnen til at designet ikkje vart endra då produktet nyleg gjekk frå metall- til pappemballasje, var at kundane skulle kjenne igjen produktet i ein overgangsfase, ifølgje Nortura.

Les også: Sametingspolitikar frå Frp vil legge ned Sametinget

Arthur Tørfoss sit på Sametinget for Frp, men meiner heile tinget bør leggjast ned. Foto: Kenneth Hætta / Sametinget
Oppdatert: fredag 3. juli 2020 11.26

LES OGSÅ

ANNONSE