Simon (28) har lagt ut domenet Putin.no for sal for 500.000 kroner

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Simon har lagt ut domenet Putin.no for sal for 500.000 kroner

– Det hadde vore kjempekult om nokon hadde bydd ein litt høg sum, seier Simon Andreas Skaar på telefon til Framtida.no.

Nyleg la 28-åringen frå Bryne ut ei annonse på Finn.no der han sel domenet Putin.no. I annonsa skriv Skaar, som til vanleg driv nettbutikken trendus.no at Putin.no kanskje er verdas beste domene.

Skjermdump frå Finn.no

«Gulldomene for deg som elsker Russland»

«Dette er gulldomene for deg som elsker Russland (og sånt?),» skriv han vidare og oppmodar potensielle kjøparar til å gje bud.

Saka har allereie vorte omtalt av lokalavisa Jærbladet og det har kome inn eit bud på 1000 kroner, men Skaar avventar salet noko.

– Skal eg selje så må det vere litt forteneste, seier Skaar.

28-åringen er ikkje den einaste som har vore inne på tanken om å selje Russland-relaterte domene. I 2009 vart Russia.com selt til ein ukjent kjøpar for den nette som av 1,5 millionar amerikanske dollar.

Registrerte Putin og Hillary

Domenet vart registrert i oktober 2016, saman med mellom andre Hillary.no. Tanken var å registrera ei rekkje verdsleiarar, men då Hillary Clinton tapte valet kvitta Skaar seg med domenet, som krev ei årleg avgift på 136 kroner.

Skaar ville ikkje lenger samle på domenet Hillary.no etter at Hillary Clinton tapte presidentvalet. Putin.no har han spart på – til no. Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0 // Kremlin /CC BY-SA 4.0

Han har lagt ut domenet Putin.no til 500.000 kroner, men forventar ikkje slike summar. Mest av alt synast han at merksemda og responsen er over all forventning.

– Det er berre humor og ikkje slik at eg trudde det skulle bli selt, men eg tenkte det var ei morosam annonse, forklarar 28-åringen.

Kort og enkelt

Som gründer har Simon Skaar ei spesiell interesse for domene, men har ikkje eit draumedomene.

– Det må vera noko kort og enkelt som folk hugsar, ei nettside som folk hugsar fordi det er enkelt å skriva.

Han viser til både Putin.no, men òg pizza.com, som vart seld for svimlande 2,6 millionar amerikanske dollar.

Det siste domenet 28-åringen registrerte var eddik.no, som han ser føre seg kan verte ein blogg med tips og triks knytt til eddik.

Fryktar ikkje propaganda

Akkurat kva som kan vere innhaldet på Putin.no har han ikkje teke stilling til, men ser føre seg at det kan vere informasjon om til dømes Putin og Russland.

Han fryktar likevel ikkje at domenet kan verte misbrukt til propaganda.

– Du som eig det vil stå tilgjengeleg i eit register, slik sett er det jo litt trygt, avsluttar Skaar.

Alle foto frå Facebook-kontoren til Unnecessary Inventions.