Falsk Netflix-kampanje: År 2020 er sjette sesong av Black Mirror

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til no har 2020 vore eit år for historiebøkene – med negativt forteikn.

Skogbrannar har herja i Amazonas og Australia, koronapandemien har sveipa over verda, og i USA demonstrerer folk landet over etter at nok ein uvæpna afroamerikansk mann vart drepen i møte med politiet.

Plutseleg dukka det opp bilete på sosiale medium av det som tilsynelatande var ein ny Netflix-kampanje. Den sette ord på den kjensla mange har: Dette året er så fælt at det må vere sjette sesong av den dystopiske serien Black Mirror. 

Kampanjen vert hylla på sosiale medium, men brukarar spør òg kvifor denne episoden er så lang og at det er nok no.

Viss du er god på runeskrift, så kan du finna ut kva tid Netflix-serien Ragnarok har premiere. Foto: Eivind Dahle Sjåstad, Hardanger Folkeblad

Taklar ikkje dystopiske historiar no

Mange har rosa Netflix for kampanjen, men heideren høyrer heime hjå det spanske reklamefirmaet Brother. Det er dei som står bak kampanjen, som er laga i Photoshop. Netflix har ikkje vore involvert.

Dei som vil ha Black Mirror tilbake på skjermen, lyt smøre seg med tolmod.

Skaparen Charlie Brooker har tidlegare uttalt til Radio Times at han førebels ikkje arbeider med ein sjette sesong av serien:

– For augeblikket, veit eg ikkje om ein har mage for å takle historiar om samfunn som fell frå kvarandre.

The End of the Fucking World, Derry Girls, Sex Education og I Am Not Okay With This er eit knippe kule ungdomsseriar på Netflix. Foto: Netflix