Studie: Høgt drikkepress blant studentar

Over halvparten av studentane seier dei opplever drikkepress frå medstudentar og tøying av eigne grenser. viser ny studie. – Urovekkjande, meiner Vinmonopolet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om lag éin av tre føler seg pressa til å drikke meir enn dei er komfortable med, ifølgje undersøkinga som er utført av Kantar på oppdrag frå Vinmonopolet.

– Det er urovekkjande at drikkepresset er så stort blant dei yngre. Mange i denne gruppa har lågt kjennskap til eigne grenser, og fleire har eit stort ønske om å passe inn. Då kan det vere ekstra vanskeleg å stå imot presset, seier administrerande direktør Elisabeth Hunter i Vinmonopolet.

434 unge studentar deltok i undersøkinga, som vart gjennomført mellom 2. og 16. juli i sommar.