Isen på Grønland smeltar raskare enn nokon gong

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Isen på Grønland smeltar raskare

 

Nye målingar viser at det har skjedd smelting på heile 97 prosent av overflata til innlandsisen.
 
Dette er meir enn nokon gong på dei 30 åra isen har vore overvaka av satellittar. Son Nghiem i den amerikanske romfartsadministrasjonen NASA trudde først det måtte dreie seg om ein datafeil, melder nyheitsbyrået AFP.
 
Han kom over dei første teikna til ei så stor nedsmelting då han granska data frå den indiske satellitten Oceansat-2. Observasjonar frå andre satellittar stadfesta desse teikna, fortel NASA-eksperten. (©NPK)