Forsvaret er bekymra for smittetrenden blant unge og vil nøye vurdere om det er forsvarleg å sende soldatar på perm, skriv Forsvarets forum.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Det kan gå utover tenesta å reise på perm til det sivile smittesamfunnet, spesielt viss du er i dei raude områda i Noreg, seier oberstløytnant Arne Johan Norheim, smittevernsjef i Forsvarets sanitet, til fagbladet.

Han påpeikar at når personell har vore inne i 14 dagar, kan Forsvaret gå ut frå at dei som ikkje har vorte sjuke, heller ikkje er smitta.

– Når dei reiser heim på perm, rykkjer vi tilbake til start igjen, seier han.

Forsvaret vurderer å gi soldatane tilbod om ekstra helgeaktivitetar slik at dei blir i leiren i staden for å dra heim.

ANNONSE