Stadig større kjønnsgap i høgare utdanning

Unge kvinner har stadig høgare utdanningsnivå samanlikna med unge menn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen som tek høgare utdanning, aukar. Kvinnene er i fleirtal, og særleg blant unge er det store forskjellar mellom kjønna, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

I 2019 hadde 39 prosent av kvinnene og 30 prosent av mennene utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, ifølgje SSB.

Fordelt på kjønn er delen kvinner større enn delen menn i alle aldersgrupper bortsett frå dei som er 67 år og eldre.

Den største forskjellen er blant dei mellom 25 og 29 år, der 59 prosent av kvinnene mot 38 prosent av mennene hadde høgare utdanning i 2019. Det er ein skilnad på 21 prosentpoeng.

Illustrasjonsfoto:LinkedIn Sales Navigator / Unsplash