Rekordmange unge går til dåpen – får ros av biskop

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Derfor døypte Eli Maria seg som ungdom

1008 ungdommar mellom 14 og 15 år døypte seg i Den norske kyrkja i 2019. Det er ny rekord, ifølgje kommunikasjonsdirektør Ingeborg Dybvig ved Kyrkjerådet.

– Me reknar med at dåpstala vil auka sidan færre blir døypte som spedbarn, seier ho til Framtida.no.

Dåp i tenåra og i samband med konfirmasjonstida har i hovudsak vore eit by-fenomen, men skilja mellom bygd og by og landsdelar blir stadig viska ut, ifølgje Dybvig.

Eli Maria Marås i Stord kyrkje til dåp framfor døypefonten.

Sokneprest Olav Johannes Oma døypte Eli Maria Marås i Stord kyrkje. Foto: Svein Olav B. Langåker

– No høyrer eg til kyrkja

I Stord kyrkje var det fem ungdommar som døypte seg i vår.

– Eg var litt spent på å gå framfor alle folka i kyrkja og få vatn på hovudet. Det var mange auge som stirra på, seier Eli Maria Marås (14) til Framtida.no.

– Korleis var det å bli døypt?

– Det var ganske fint. No høyrer eg til i kyrkja og høyrer til i kyrkjelyden.

David Matre Pedersen var òg spent før dåpen, men synest det gjekk greitt.

– Det var greitt at me var fleire som døypte oss samtidig, seier han. Presten hadde forklart på førehand alt som skulle skje under dåpen og gudstenesta.

Kjekk konfirmasjonstid

– Eg trur på Gud, og ønskte konfirmera meg kristeleg, og då måtte eg døypa meg først, fortel Eli Maria Marås

14-åringen frå Stord synest det har vore ei kjekk konfirmasjonstid med mellom anna konfirmasjonsfestival. Då reiste dei til Bømlo og møtte konfirmantar frå nabokommunane, spelte fotball og innebandy og hadde det sosialt ilag.

LES OGSÅ: Biskopen til konfirmantar: – Det må vera lov å rota litt

Ungdommane gjekk inn i prosesjon då kyrkja byrja.

Ungdommane gjekk inn i prosesjon då kyrkja byrja. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Modige og opne ungdommar

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, er glad for at fleire av dei som ikkje er døypte som barn ønskjer å døypa seg som ungdommar.

Halvor Nordhaug er biskop i Bjørgvin. Foto: Wikipedia

Halvor Nordhaug er biskop i Bjørgvin. Foto: Wikipedia

– Det viser at det framleis er ein stor openheit blant unge for ei kristen tru, seier han på telefon til Framtida.no. Biskopen meiner unge i dag er både modige og opne for trua på ein annan måte enn ein kunne sjå tidlegare.

– Eg blir veldig glad når eg ser ungdom gå til dåpen. Det er noko av det finaste eg ser.

Biskopen seier at kyrkja også pleier å ta omsyn ved å leggja til rette for ein meir privat dåp for dei som ønskjer det.

– Korleis går ein fram viss ein ein ønskjer å døypa seg og konfirmera seg?

– Då tar du kontakt med kyrkjelyden der du bur. Og det er også ope for dei som ikkje er sikre på om dei vil konfirmera seg, men som ønskjer å bli kjent med kyrkja og kristendommen, seier biskop Halvor Nordhaug.

LES OGSÅ: Biskopen åtvarar mot gåvepress til konfirmasjonen

Biskop Halvor Nordhaug likar ikkje veldig eksponering av sosiale forskjellar mellom konfirmantar. Foto: David Zadig, Gulatinget Tusenårsstad og Noregs Bank

Fakta: Ungdom som døper seg

  • I 2019 var det 1008 unge mellom 14 og 15 år som døypte seg i Den norske kyrkja.
  • I 2018 var talet 879 døypte 14-15-åringar.
  • Talet på døypte over 16 år var i 2019 var 178, og også dette talet er stigande.
  • I 2019 var det 51,4 prosent av dei fødde som blei døypte. Talet har gått ned med 3,9 prosent dei siste tre åra.
  • 54,4 prosent av alle 15-åringar konfirmerte seg i 2019. Det er ein nedgang på 5,6 prosent dei siste tre åra.
  • Kjelder: Kyrkjerådet og SSB