Hareide ser ikkje bort frå nye retningslinjer for elsparkesyklar før hausten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Departementet er i gang med eit lovarbeid som tek sikte på ei strengare regulering av elsparkesyklar, men dette vil ta tid. Men samferdselsministeren vil ikkje sjå bort frå at det kan kome nye retningslinjer før hausten.

– Eg vil ikkje avvise noko. No skal eg i møte med aktørane i morgon, så kan vi sjå om vi kan kome med nokre kortsiktige tiltak. Men lover og forskrifter tek lengre tid, seier Hareide.

Kontroll

Torsdag var samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i møte med representantar for kommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Kristiansand og Drammen for å snakke om elsparkesyklar. Det er første gong Hareide diskuterer saka med kommunane.

– Dei har mange positive erfaringar, men også nokre negative. Dei ønskjer å sikre ein betre kontroll, seier Hareide.

Av tryggingsomsyn vil regjeringa vurdere å regulere trafikken etter mange personskadar. I tillegg vil dei vurdere parkeringssituasjonen. Men det er for tidleg å seie noko om konkrete tiltak som er meir aktuelle enn andre, seier Hareide.

  • Fekk du med deg denne L-innsikt-stripa? 

Nytt møte fredag

Fredag har samferdselsministeren invitert aktørane som driv med utleige av elsparkesyklar, til eit møte. Utleigeselskapet Voi vil ha med dei andre leverandørane på opprydding etter å ha fått kritikk for parkeringsrot.

– Eg vil vere tydeleg på at dei har mange moglegheiter til å ta eit større ansvar enn det dei har i dag, seier Hareide.

Tal frå skadelegevakta i Oslo viser at fleire tilsynelatande blir skadde i ulykker med elsparkesykkel i år enn i fjor. Tolv personar vart alvorleg skadde i Oslo i juli. Oslo skadelegevakt har vore spesielt kritisk til køyring i alkoholpåverka tilstand og vil tilrå å stengje for bruk av elsparkesyklar om natta då dei mest alvorlege ulykkene skjer.

Hareide ønskjer ikkje ei for streng regulering av elsparkesyklane.

– Men det er klart at jo verre situasjonen blir, jo meir streng og mindre fleksibel blir reguleringa.

Oslo vil bli pilotby

Oslo kommune vil sjølv bestemme korleis elsparkesykkelbruken skal regulerast i byen, men må vente på statlege reguleringar. I dag er det rundt 13.000 elsparkesyklar i byen.

Lan Marie Berg er byråd for Miljø og samferdsel i Oslo kommune. Foto: Guri Barka Martins and Anders Skyrud Danielsen /Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Miljøbyråd Lan Marie Berg (MDG) vil ha strengare regulering og skylder på Frp for situasjonen i hovudstaden.

– Oslo må få bli pilotby for strengare regulering av elsparkesyklar. Frps elsparkesykkelkaos kan ikkje halde fram, seier Berg.

Kommunen har byrja å samle inn feilparkerte elsparkesyklar og seier dei vil krevje gebyr etter kvart.

– Vi kan ikkje ha det slik at elsparkesyklar flyt rundt i gatene og gjer det utrygt for blinde, rullestolbrukarar, eller andre å bruke byen. Byen skal vere for alle, seier Berg.

Pål Moddi Knutsen sykla hovudstaden rundt to gongar og brukt 26 timar på sykkelsetet. Foto: Privat