Helsedirektøren meiner unge klemmer for mykje

Helsedirektør Bjørn Guldvog åtvarar unge om å klemme for mykje.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag kan ein ha klemmevenn og klemme kjæraste, ektefelle og barn, men helsedirektør Bjørn Guldvog opplever at unge klemmer for mykje, skriv NRK.

– Vi har hatt veldig lite smitte i befolkninga i sommar og difor har det gått bra at mange unge klemmer for mykje. Men får vi nye utbrot vil klemminga føre til smitte, seier Bjørn Guldvog.

Fleire unge NRK har møtt seier at unge menneske byrja å bli mindre forsiktige i byrjinga av juni.

Bakgrunnsfoto: Skógafoss på Island. Foto: Denys Nevozhai/Unsplash. Framgrunnsfoto: Anton Malanin/Unsplash