Ny studie: Kommentatorspråket er «raseskeivt»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studien er utført av det danske forskingsfirmaet RunRepeat i samarbeid med PFA (fagforeininga for fotballspelarar i Storbritannia).

Den danske studien såg nærare på 80 fotballkampar i toppdivisjonane i England, Italia, Spania og Frankrike. Dei analyserte 2073 utsegner frå kringkastarar i land som England, USA og Canada.

– For å møte den reelle verknaden av strukturell rasisme må vi erkjenne og ta for oss rasemessige skeivskapar. Denne studien viser ein tydeleg skeivskap i korleis vi omtalar evnene til fotballspelarar basert på hudfargen deira, seier Jason Lee i PFA.

Omtale av intelligens

Eitt av hovudfunna handlar om måten europeiske fotballkommentatorar omtalar intelligensen til spelarane.

Når ein spelar får ros for intelligensen sin, fell rosen til kvite fotballspelarar i 63 prosent av tilfella, hevda studien. På den andre sida var 63 prosent av kritikken mot intelligensen til spelarar retta mot mørkhuda spelarar.

– Kommentatorar er med på å forme oppfatninga vår av kvar enkelt spelar, seier Lee.

Funna fortel òg at kommentatorane var om lag sju gonger meir sannsynleg til å snakke om ein mørkhuda spelar i samband med styrke, og tre gonger meir sannsynleg å omtale ein mørk spelar som rask.

Ønskjer medvit

PFA ønskjer at medieorganisasjonar skal gi opplæring om umedvitne raseskeivskapar til medarbeidarane sine.

– Når du speler fotball, og nokon målar eit bilete av deg som mektig, rask og aggressiv, og seier at det er gode eigenskapar å ha – men samtidig seier at du ikkje er flittig, intelligent og kreativ, er ikkje det den rette terminologien å bruke, seier Lee.

– Viss du held fram med å stigmatisere folk på denne måten, korleis skal denne idrettsutøvaren gå frå fotballbanen til å bli teken seriøst som trenar, manager eller vere i ein annan maktposisjon? spør Lee.

Les også: Likestilling i idretten: – Det finst eigentleg ikkje

Emilie Kruse Johansen (20) meiner løn og speletider er viktigare enn regelverket under kamp, for å sikra likestilling i idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.