Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slampoet og bandjente, romanforfattar og redaktør. Martine Næss Johansen (30) har prøvd mange ulike hattar, med stor suksess. Ho debuterte som romanforfattar i 2015, og året etter starta ho opp det skeive kulturtidsskriftet MELK saman med Anna Nafstad.

I fjor gav Martine ut Den store SLAM!boka (2019) saman med medforfattar Guro Sibeko.

https://www.youtube.com/watch?v=Qons260JFAM

I år er Oslokvinna aktuell med sin tredje roman: Vi har ikke fire nye år, som skildrar eit lesbisk kjærastepar på road trip i Trumps USA. Vi spurte den produktive forfattaren om kva bøker ho sjølv likar å lese.

Kor mykje les du sjølv?

No vert eg mest lesen for, via Storytel. Eg likar å lese fleire bøker på same tid, gjerne tre stykker. Minst ei av dei er alltid poesi. Så vert bøkene bytta ut etter fire veker, sjølv om eg då ikkje nødvendigvis har fullført alle tre.

– Eg vert aldri sint av bøker, fortel Martine, som derimot blei veldig glad då ho las Razor Girl av Carl Hiaasen

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Against Empathy av Paul Bloom.

Kva type bøker les du helst?

Lyrikk og sakprosa.

Martine identifiserer seg med den særeigne forfattarskapen til den skeive aktivisten og poeten Eileen Myles.
Foto: Shae Detar

Kor les du?

Eg lyttar gjerne til bøker medan eg sit på trikken eller går tur. Dersom eg les med boka i handa sit eg heime i sofaen eller på toget.

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

Bøkene om Narnia, av C.S. Lewis. I tillegg lytta eg mykje til forteljinga om Robin Hood på kassett.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

J.D. Salingers The Catcher in the Rye.

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Brave New World av Aldous Huxley. Eller Nick Hornby generelt – noko som ville ha vore gunstig for økonomien min! I tillegg til at han skriv skikkeleg gode bøker.

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det er veldig individuelt. Eg veit i alle fall ikkje om ei bok er god før eg har lese minst 60 sider.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eg kan ikkje seie at eg har ein karakter som eg kjenner meg sjølv igjen i på ein måte som kan definerast som «mest». Men eg kan seie at eg opplever ein slags gjenkjenningsfaktor i forfattarskapet til Eileen Myles.

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Kan eg få to? Eileen Myles og Allen Ginsberg, sjølvsagt!

Til middag ville Martine invitert den amerikanske Beat-poeten Allen Ginsberg (t.v.)(og kanskje også livspartneren Peter Orlowski?). Foto: Herbert Rusche/Wikimedia commons/CC BY-SA 3.0

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Nei. Dette spørsmålet boikottar eg! Beklager, men eg kan ikkje forhalde meg til kun ein forfatter om gongen. Å lese kun éin forfattar heile livet er utelukka.

Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?

Siri Nilsen!