– For å bli Miss Universe må du vere kvit

Vinnaren av Miss Universe Sri Lanka og ein Cosmopolitan-redaktør er mellom dei som har blitt trua av selskap som tener gode pengar på kremar for ansiktsbleiking.

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kokte i meg. Eg kunne ikkje tru det!

Som deltakar i Miss Universe Sri Lanka 2018 var Ornella Gunesekere på ein presentasjon med merkevara Facia, konkurransen sin hovudsponsor.

– Ho fortalte oss at mørk hud er stygt, og at for å vinne Miss Universe måtte ein vere kvit. Vi merka at ho såg på dei mørkare jentene i rommet, og kjende oss ille til mote.

Det fortel Guenesekere, og to av dei andre som deltok på presentasjonen, til den amerikanske nyheitssida BuzzFeed. Saman med fleire andre protesterte ho mot representanten, og vurderte å trekke seg frå konkurransen. På grunn av bota ho i så fall måtte ha betalt til tv-selskapet bestemte ho seg for å bli.

Sidan konkurransen starta opp i 1952 har det knapt vore ein einaste Miss Universe vinnar med mørk hud. Dei siste åra har dette endra seg. Foto: Pinterest

Nekta å delta

Som vinnar av Miss Universe Sri Lanka skulle Gunesekere så opptre i ein tv-reklame for Facia. Då ho oppdaga at produkt for hudbleiking var ein del av reklamen nekta ho å delta.

Ho fortel at ho vart trua med å miste tittelen sin, noko Facia har nekta for i etterkant.

Samtidig har dei trukke seg som sponsorar av konkurransen.

Lys hud gjer deg rik og elska

I Sør Asia er hudbleikingsprodukt ein del av koloni-historia, der menneske med lysare hud hadde bedre utsikter til gode jobbar, store hus og fordelaktige ekteskap. På 1970-talet var det multinasjonale selskapet Unilever mellom dei fyrste til å utnytte denne marknaden, skriv Buzz Feed.

Gjennom hudbleikingsproduktet Fair and Lovely har dei i fleire tiår reklamert for lys hud som nøkkelen til rikdom og kjærleik.

https://www.youtube.com/watch?v=pA3loyUH2Zs

I seinare år har Unilever blitt kritiserte for å bidra til diskriminering av menneske med mørkare hudtoner, og kritikken toppa seg i førre månad, då selskapet posta på Instagram til støtte for Black Lives Matter.

Er vi ikkje ferdige med å fortelje kvinner med vakker melaninrik hud at dei må gjere den kvitare?

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av UnileverUSA (@unileverusa)

Etter massiv kritikk endrar dei no namnet på produktet frå Fair and Lovely til Glow and Lovely. Men dei held fram med å tene millionar av kroner på sal av produktet, som i likskap med andre bleikekremar nyttar niacinamid for å dempe melaninet i huda.

Trua etter Instagram-post

Tidlegare sjefsredaktør for Cosmopolitan Sri Lanka Kinita Shenoy. Foto:kinitashenoy.com

– Er vi ikkje ferdige med å fortelje vakre, melaninrike asiatiske kvinner at dei må gjere huda si kvitare?

Det skreiv sjefsredaktøren for Cosmopolitan Sri Lanka i 2018, Kinita Shenoy, på sin private Instagram-konto, etter å ha motteke enda ein gratis pakke med hudbleikingsprodukt frå Pond’s, Unilever sitt kosmetikkmerke.

To av sjefane for Unilever Sri Lanka såg posten, og ga utgjevaren til Shenoy beskjed om at ho enten måtte få sparken, eller tvingast til å publisere to sider om Pond’s sine hudbleikingskremar kvart halvår. Ifølgje Shenoy fekk ho beskjed både om å skildre korleis ho sjølv brukte Pond’s sine hudbleikingskremar, og å oppmode andre til å gjere det same.

Ikkje lær småjenter å bleike huda

Då Cosmopolitan-redaktøren nekta trakk Unilever alle annonsane sine frå bladet. Ein gjennomgang av 2018-utgåvene mellom februar og mai viser at dette stemmer, ifølgje BuzzFeed.

– Alt eg sa var at vi ikkje burde fortelje små jenter at dei treng å bleike huda si. Det burde ikkje vere så radikalt, seier Kinita Shenoy, som via ei kontakt fekk gitt beskjed til den administrerande direktøren for Unilever, Paul Polman, om situasjonen.

Opplevinga eg hadde fekk meg til å halde kjeft i to år.

Redd for konsekvensane

Etter dette byrja Unilever igjen å annonsere i Cosmopolitan, men Shenoy hadde likevel fått nok. Relasjonen hennar med sjefane hadde surna, og ho valde å trekke seg frå stillinga og frå journalistikken som heile.

– Unilever visste kva dei gjorde då dei trua meg, kommenterer ho. – Opplevinga eg hadde fekk meg til å halde kjeft i to år. Og no er eg framleis redd for kva konsekvensar det vil få for meg å fortelje om det som hende.

Les også: Statue av Black Lives Matter-aksjonist fjerna

Black Lives Matter-aktivist Jen Reid poserer framfor statue av seg sjølv, før den blei fjerna etter knappe 24 timar av Bristol City Council. Statuen er laga av Marc Quinn og har tittelen “A Surge of Power (Jen Reid) 2020”. Den blei plassert på den tomme pidestallen etter statuen av slavehandlaren Edward Colston, som blei riven ned under ein Black Lives Matter protestaksjon i juni. Foto: Matt Dunham/NTB Scanpix