«Kvite nordmenn har eit val. Så kva vel du?»

Iselin Shumba
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Video: André Percy Katombe/The Oslo Desk

Norske nyheiter hevdar at dette er eit USA vi ikkje er vand med å sjå. Det vert sikta til uroen, opptøyene og den openbare strukturelle rasismen.

Personleg ser eg det USA eg alltid har sett. Eg ser det USA som eg i 40 månadar no har tenkt på som eit U-land. Eg ser eit USA som faktisk treng heile verda som verge. Men dette er inga nyheit. Trump har tydeleg og målretta trakka opp stien for eit komande tyranni. 

Men det som er nytt, det som er den faktiske nyheita, det er at millionar av menneske den siste veka faktisk pustar for aller første gong.

Faktisk ser for seg ei framtid, for første gong. Ei framtid der dei ikkje skal døy på grunn av hudfargen sin. Det er dette som er nyheita. Det er dette som er det USA vi ikkje er vande med å sjå.

Vi er ikkje vande med å sjå HÅP. 

Dette håpet er vidunderleg, og vanskeleg, vi ser at ei anna verd er mogleg. Samstundes ser vi at vegen dit ikkje blir lett. 

Eg trur vi alle kjenner på eit håp – og hjelpesløyse. 

Ei kvalme, ei utilstrekkelegheit, ei smerte, eit sjokk… 

Ein mann vart lynsja på open gate i fullt dagslys, SEI HANS NAMN! 

Og så kan vi lukke augo og førestille oss kva som skjer i nattemørkret, 

kva som skjer når ingen filmar?

Men kva skal vi gjere med dette, kva skal eg gjere, kva skal du gjere?

Det første vi bør gjere er å kjenne på smerten. Vi må aldri, aldri bli vande til denne smerten. Vi må aldri normalisere denne smerten. Vi må gjere det vi kan for at denne smerten ikkje finn stad, verken i oss sjølve eller der ute. At denne smerten ikkje finn stad i noko anna menneske. 

Men korleis kan vi gjere noko med det, korleis kan eg, korleis kan du gjere noko med det? 

Veit du, måten ein kjempar mot den strukturelle rasismen på, det er å sjå på den som eksisterer rett framfor din eigen nasetipp. Den som eksisterer her. 

I ditt lokal- og storsamfunn, på din arbeidsplass og kanskje i din eigen heim. 

Det ER så enkelt å fordømme rasisme og undertrykking som skjer ein annan stad. Ta fullstendig avstand. Men vi må våge å gjere det her heime, her i gode trygge Noreg, her heime på berget i Nord… 

Mangfaldige nordmenn har ikkje i nærleiken av like moglegheiter som kvite nordmenn.  Mangfaldige nordmenn blir ikkje sett på som like resurssterke og komplekse som kvite nordmenn. Mangfaldige nordmenn blir ikkje gitt like viktige ansvars- og jobboppgåver som kvite nordmenn. 

Denne diskrimineringa, denne utestenginga, denne utilstrekkeleheita, denne rasismen, er alle si oppgåve å rive ned. 

Sjølv om du er kvit, er det ditt ansvar. 

Dei fleste nordmenn meiner om seg sjølv at dei er anti-rasistar. Men det held ikkje å vere passiv, du bør bli ein aktiv anti-rasist. Du bør aktivere deg sjølv inn i ansvar for å skape eit likeverdig samfunn. 

Mangfaldige nordmenn kjempar, det har dei alltid gjort, men mangfaldige nordmenn har ikkje noko val. Mangfaldige nordmenn vil aldri bli anarkjend som likeverdig medmenneske om dei ikkje kjempar og held ut, kjempar og held ut. Slag i slag.  

Kvite nordmenn har eit val. Så kva vel du?

Det som skjer no hamnar i historiebøkene. Barna og barnebarna våre vil spørje oss om kva vi aktivt gjorde for å bli kvitt noko av det raraste dei veit om; nemleg rasismen. 

Og det hastar, det hastar som ville helvete. Verda har nemleg ei lang smørbrødliste av komplekse problem som MÅ løysast. 

Klimakrisa kjem. Og om nokon trur det vil ver mogleg å hindre klimakrisa, utan først å ha handtert den humanistiske krisa som står att, for å redde det medmenneskelege klimaet, så må vi tru om igjen. All undertrykking heng sammen med all annan undertrykking. 

Klarar du å undertrykke eit medmenneske fordi dette medmennesket ikkje ser ut som deg, klarar du å undertrykke eit medmenneske fordi dette medmennesket har eit anna kjønn, ei annen legning, ei annen tru enn deg. 

Då klarar du aldri å sjå korleis vi alle undertrykkar naturen, den inni oss og der ute.

Så la oss byrje no, no, no! 

Tusen takk.


Har du noko på hjartet? Send inn til tips(a)framtida.no!

Mariama Marong deler sine tips til kva du kan lese, sjå, høyre og gjere for å verte ein betre anti-rasist.