Statue av Black Lives Matter-aksjonist fjerna

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Statuen handlar om å stå opp og ta eit standpunkt, for dottera mi, for mor mi, for svarte menneske som meg sjølv, sa den portretterte aktivisten, Jen Reid, til BBC. Ho rakk akkurat å posere framføre den nyoppførte statuen av seg sjølv i Bristol, før den blei fjerna tidleg torsdag morgon.

Borgarmeisteren i Bristol, Marvin Rees, forklarte på Twitter at årsaken til at statuen blei fjerna, var at kunstnaren ikkje hadde fått løyve til å setje den opp.

Bristol er ifølgje borgarmeisteren inne i ein prosess der det skal avgjerast kva som skal stå på den tomme sokkelen.

Skjermdump av tweeten frå Marvin Rees, borgarmeister i Bristol

I juni blei statuen som tidlegare sto på denne sokkelen riven ned i ein protestaksjon leia av Black Lives Matter-rørsla. Statuen av Edward Colston, som dreiv med slavehandel på 1600-talet, blei dregen ned med makt og dumpa i hamnebassenget.

Jen Reid, ein av aktivistane som deltok, poserte i etterkant på den tomme sokkelen.

Det var fotografiet av Reid på sokkelen som inspirerte kunstnaren Marc Quinn til å lage statuen av henne, som har fått namnet “A surge of power (Jen Reid) 2020”.

Kva som blir skjebnen til kunstverket vidare er enno uvisst. I ein tweet skriv Bristol City Council at statuen blir plassert på byens museum, og at kunstnaren kan velje om han vil kome og hente den eller donere den til samlinga.

Statuen av slavehandlar Colston, som i etterkant har blitt henta opp frå sjøen, er forøvrig plassert på same museum.

Salman Akhtar Chaudhry på Stord SU sin demonstrasjon 5. juni 2020. Foto: Maja Kleveland Straume