Fleire unge politikarar i kommunestyra
Valforskar trur klima- og miljø ligg bak aukinga.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Valforskar Bjarte Folkestad. Foto: Høgskulen i Volda
9153 politikarar blei valt inn i kommunestyra i Noreg etter valet i 2019. 130 av dei var under 20 år.
Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner klima- og miljøsaka kan ha vore ein stor grunn til at fleire unge blei løfta inn i kommunestyre, skriv NRK Møre og Romsdal.
For fleire av dei nyvalde politikarane har møtet med lokalpolitikken vore ei utfordring.
I 2003 blei Jon Georg Dale (Frp) valt inn i kommunestyret i Volda som 19-åring.
Han seier han las sakspapira grundigare enn alle andre, for å ikkje bli tatt for å ikkje kunne fakta.
– Det er viktig at dei unge tør å utfordre dei politikarane som har lenger erfaring, seier Georg Dale til NRK.
Les også: Aina (24) er vald som ordførar i Hadsel: – Det held ikkje å berre applaudere dei unge

Aina Nilsen (24) er vald som ny ordførar i Hadsel kommune. Foto: Privat