Bokmelding: Skjermhjernen – ei bok alle burde lese og ta lærdom frå

Elise Solvåg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Hvordan en hjerne i utakt med tiden kan gjøre oss stresset, deprimert og gi oss angst,» er undertittelen til boka. Det er både skildrande og avslørande.

Det ser ut til at dagens unge slit med psykisk uhelse i mykje større grad enn før, og det handlar ikkje berre om at det er meir akseptert å snakke om i dag. Hjernen vår er rett og slett ikkje utvikla for dagens teknologi – og det har gjort oss avhengige av han.

Utviklinga, som i Sapiens

Hansen innleier boka med å forklare den menneskelege evolusjonen, i stil med korleis Harari gjer det i Sapiens. Korleis vi har overlevd og utvikla oss, korleis enkelte trekk og gen har gitt større sjanse for overlevelse. Til dømes korleis ein person som konstant var engsteleg og på vakt etter farer, som ei løve, hadde ein større sjanse for å komme seg unna løva om han måtte. (Eg har ofte forsvart edderkoppskrekken min med at evolusjonen har laga ein trigger for farer, og blitt fortalt at det berre er tull, sidan vi ikkje har giftige edderkoppar i Noreg. Vel, no har eg fader meg ei god nok kilde å sitere neste gong.)

Plottblottar: Kortisol og dopamin

Vidare legg Hansen fram korleis dei trekka som sørga for overlevelse i 99% av menneska sin eksistens, skapar problem for det moderne mennesket. Vi har ei overflod og ein tryggleik vi rett og slett ikkje er mentalt utvikla for. Utan å gi vekk heile innhaldet i boka, er alt knytta til ulike hormon som skaper stress og glede – kortisol og dopamin.

Dopaminet får vi blant anna i mange små doser kvar einaste dag frå nettopp mobilen vår. For kor ofte har du sjekka mobilen din berre idag? Om du hadde heldt tellinga, hadde du blitt sjokkert.

Velskriven, lettlest og veldig interessant

Hansen forklarer dei ulike samanhengane på ein lettfatteleg og morsom måte, med mange parallellar og døme.

Det er ein kunst å forklare kompliserte ting på ein måte som alle kan forstå, utan at ein føler at innhaldet er «dumma ned». Han er ein ypperleg formidlar, og boka er velskriven, lettlest og veldig interessant – for ikkje å snakke om relevant!

Dette er ei bok alle burde lese og ta lærdom frå. Eg skal i alle fall (prøve å) kutte kraftig ned på mobilbruken min heretter.

Illustrasjonsfoto: Artem Beliaikin, Unsplash.com

«Skjermhjernen»

Forfattar: Anders Hansen

Originaltittel: Skärmhjärnan

Sjanger: Populærvitskap

Antal sider: 185

Forlag: Cappelen Damm

Målform: Bokmål

Utgitt: 2020