Kvitkval og stripedelfin på Vestlandet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Markus Lien Gripnar og familien såg eit sjeldan syn i Sognefjorden då dei stod på brygga i Vikøyri og såg ut over Sognefjorden.

– Vi lurte først på om det var ei nise eller ein stor laks, men då vi såg nærare så var det tydeleg at det var noko anna, seier Gripnar til Bergens Tidende.

Det familien såg var ein stripedelfin. Ein litt meir eksotisk art å finne langs norskekysten enn nise eller laks, seier havforskar i Havforskingsinstituttet, Tore Haug.

Tore Haug er forskningssjef for sjøpattedyr ved Havforskningsinstituttet i Bergen. Foto: Havforskningsinstituttet.

Årsaka er temperaturendringar

Delfinarten kjem nokre gonger frå lågare breiddegrader på besøk nord. I dei seinare åra har den blitt sett her oftare. Årsaka er at den jaktar på byttedyr som er følsame for temperaturendringane.

– Fleire av desse byttedyra flyttar seg nordover, og då følgjer ein del andre artar med, seier Haug til Bergens Tidende.

Trass i at stripedelfinar er flokkdyr, skjer det at einstøingar kjem på avvegar og reiser nordover.

Kvitkval utanfor Bergen

Ein kvitkval har blitt observert av fleire nær kysten ved Litlesotra og Herdlevær i Øygarden.

– Det er ikkje tvil. Vaksne kvitkvalar er heilt kvite. Kvalen har heller ikkje ryggfinne, som også er eit kjenneteikn, seier havforskar Tore Haug, til NRK Vestland.

Kvitkval blei observert så langt sør som Oslofjorden på 1960-talet. Sidan det skal det ikkje vere nokre kjente tilfelle av den i Sør-Noreg.

Ikkje «Hvaldimir»

Kvitkvalen er ikkje den same som har vore i Nord-Noreg det siste året, og fått kallenamnet «Hvaldimir». Det stadfestar Richard Karoliussen, grunnleggjar av organisasjonen Norwegian Orca Survey.

Det finst bilete av Hvaldimir frå Harstad-området frå seinast måndag denne veka, og det er ikkje truleg at han kan ha sumt den distansen til Vestlandet på den tid.