Grønsaker? Nei takk! seier norske barn og unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre éin tredjedel av barn og unge i Noreg har frukt og grønsaker i det daglege kosthaldet.

Helsedirektoratet anbefaler å ete minst fem porsjonar med frukt eller grønsaker gjennom dagen. Likevel et under halvparten av barn og unge frukt og grønt dagleg.

Det viser ein rapport frå Universitetet i Bergen, skriv NRK Rogaland.

Gutar et meir godteri

Langt under halvparten av dei 4700 spurde elevane frå heile landet i aldrane 11, 13 og 15 år svarte at dei et nokon form for frukt eller grønsak dagleg. For gutane er det berre éin tredjedel som et frukt og grønsaker dagleg, medan talet er litt høgare blant jentene på 40 prosent.

Rapporten ser òg på dagleg godteri- og brusinntak. Medan inntaket blir lågare med alderen for jenter, aukar den hos gutane.

Camilla Stoltenberg hadde sin fyrste sommarjobb då ho var 15. Etter ungdomsskulen tenkte ho å forsørge seg sjølv. Foto: FHI/Privat