Kjære naturen,
Vi elskar deg av heile vårt hjarte, det må du hugse for alltid.
Du gjer kvardagen betre for meg og mange andre, du set eit smil på dei
aller fleste andlet kvar dag.
Å stå opp kvar dag og sjå deg rett inn i sjela er det beste med å vakne.
Dine dalar og fjell, og på stranda finn vi dine vakre skjell. Du er det
vakraste her på jorda, ingen kan seie mot det.
Den friske lufta di får folk avslappa, den vakre kysten hypnotiserar oss,
skogen vekkjer merksemd for ting vi ikkje har sett før.
Våre kaotiske liv gjer at vi ikkje får opplevd det beste med deg
Men du gjev oss litt skuldkjensle innimellom, våre kaotiske liv som gjer
at vi ikkje får opplevd det beste med deg, dine vakre skogar, strender og
den friske lufta di.
Eg har tenkt på korleis dei hadde det før i tida, åleine med deg, ingen
forstyrringar, berre dei og deg, ingen som sa at du måtte gjere ferdig
leksa. Eg må innrømme at eg er litt sjalu på gamle dager.
Vinden, regnet, bølgene og fuglesongen er den beste musikken for oss
alle, du gir oss fred i sjela, du motiverar meg til å bli eit betre menneske.
Takk for at du er her med oss!
- Les også vinnarbidraget i skrivekonkurransen: «Vi er på kurs til å øydelegga det som har vore urørt i fleire tusen år,» skriv Paulina (18)
